Følgjande e-post gjekk ut til medlemmene om avlysinga:
OM VÅRSEMINARET
Per i går hadde vi motteke berre fire skriftlege og ein munnleg påmelding til Vårseminaret som var planlagt på Sunnfjord hotell 17.april. Det var tydelegvis ein dato som ikkje høvde for mange. Vi sleit i tillegg veldig med å finne nok fagleg innhald og underhalding til å fylle to dagar. Vi vert difor diverre nøydde til å avlyse seminaret den 17.april.
Underteikna vil som representant for styret beklage at det har vore gjort ein for svak salgsjobb på seminaret sine vegner. Det har i ettertid også vist seg at mange ikkje har fått mailar som vi har sendt ut. Vi nyttar dei offisielle kontaktlistene til NJ, og dei er tydelegvis mangelfulle. Dersom du kjenner nokon i din redaksjon som ikkje har fått mail frå oss set vi stor pris på om dei tek kontakt med oss i styret eller NJ sentralt slik at vi får oppdatert kontaktinformasjonen.
på vegner av styret i Sogn og Fjordane journalistlag,
Bent Are Iversen, leiar

