Av Silje Midttun
![]() |
| Augustin Erba engasjerte mange tidlig ei søndags morgon. Foto: Inge Ove Tysnes |
Konserna jobbar på tvers av landegrensene, men det gjer me også. I byrjinga av september kom styrerepresentantar frå alle dei nordiske frilansjournalistforbunda saman i Stockholm. Opphavsretten var viktigaste punktet på dagsorden.
Etterpå deltok 120 norske, danske, svenske og finske frilansjournalistar på årets nordiske seminar. Det handla også om samarbeid. Korleis kan frilansjournalistar samarbeida på jobb?
Den norske delegasjonen talde 20 engasjerte sjeler. Aldri har så mange nordmenn delteke på nordisk seminar.
Etter å ha starta Stockholmsopphaldet med speeddating for å finna potensielle profesjonelle partnarar, fekk dei springa rundt Stureplan for å løysa moglege, så vel som umoglege oppgåver i løpet av to timar. Her vart det knytta nye band på kryss og tvers i Norden.
![]() |
| Brennballen måtte utsettes til lunsj dagen etter på grunn av at mørket kom bratt på svenksene. Foto: Inge Ove Tysnes |
Resten av helga vart det servert alt frå kebab i Humlagården til svært interessante foredrag av blant andre fotograf Pieter ten Hoopen, dokumentarjournalist Fredrik Gertten og frilansjournalist, forfattar og seniorrådgjevar Augustin Erba.
![]() |
| Oppgaveløsning, stående opp på en benk var noe av det uhøytidleige kreative. Foto: Bente Haarstad |





