Oppsummering av Landsmøtet i NJ 2009

(04.05.09) Landsmøtet i Norsk journalistlag slutta rekkene i kampen mot nedbemanning og til forsvar av journalistisk kvalitet i alle publiseringskanalar. Dette er fyrsteprioritet for arbeidet dei to komande åra.

Av Bjørn Steinar Skarbø, leiar i MRJ

 

Inntrykket etter landsmøtet er ein samstemt organisasjon. Landsmøtet valde å leggje sine vedtak tett opp mot landsstyret sine ønskje for program og tiltaksplan og i høve deira framlegg, vart det eigentleg berre gjort mindre endringar. Det som var av usemje, knytte seg helst til meir underordna tilhøve og detaljar

. 

Ein god del av tida på landsmøtet vart brukt til å vise korleis den finansielle krisa slår ut for mediebransjen. Dei som slit hardast, er nærkringkasting og nettmedier og her er det også snakk om underskot. Mellom tradisjonelle medier, er det ikkje mange som (så langt) går med underskot. Men det er vanskelegare å nå budsjetterte utbyttekrav og eigarane står hardt på (uhøvisk) store utbyttekrav. Dermed kjem også krava om nedskjering og mange plassar dreiar det seg om store beløp som skal sparast inn.

NJ har for tida (per 20/4) 36 saker der dei er engasjert med rådgjeving og hjelp i samband med nedbemanning og andre tilhøve som går utover våre kollegar.

 

NJ si line er å ikkje godta nedbemanning der det er overskot og heller ikkje godta (store) utbytte til eigarane i krisetider, i verksemder der økonomien er svak og/eller i verksemder der det vert nedbemanna eller permittert. Det fremste argumentet ein brukar i denne kampen er kravet om journalistisk kvalitet; noko ein meiner ein ikkje oppnår med redusert bemanning.

På følgjande adresse http://www.nj.no/no/NJs_arbeid/Nettarkiv/2009/Ikke+tapp+bedriftene+n%C3%A5%21.b7C_xdzSWb.ips finn du ein kronikk av leiar i NJ Elin Floberghagen som skildrar situasjonen og NJs standpunkt.

 

Landsmøtet let heller sin frustrasjon kome til uttrykk i fleire resolusjonar for journalistsikk kvalitet og mot ulike former for nedskjering og nedbemanning. Det mest grelle eksempel som kom fram - og som det vart skrive resolusjon mot - var TV Haugesund der journalistane er permittert og deira arbeid overteke til praksiselevar i grafisk design på vidaregåande skule.

 

Vår kandidat Kjell Ove Holsbøvåg kom inn på åttande varaplass i landsstyret for komande to år. Det vil seie at han kan rekne med å bli innkalla på ein del møter den komande perioden og erfaringsmessig helst litt utover i perioden. Vi hadde naturlegvis ønskt han skulle fått ein plass høgare oppe og helst ein fast, men det gjekk ikkje. Valnemnda sitt framlegg vart vedteke utan forslag om endringar.

Den tidlegare tradisjonen med at fylkeslaga kom saman for å drøfte felles framstøyt for å få endra på valkomiteens innstilling, er det i grunnen slutt på. Det verkar som dei etter kvart mange konsernlaga som det skal takast omsyn til, gjev såpass låste rammer at det er vanskeleg å samle nok tyngde til å få endra eit framlegg som ivaretek dei fleste omsyna på ein rimeleg måte.

Slik var det også ved førre landsmøte.

 

Dei som var med på landsmøtet frå Møre og Romsdal var Svein Bjørnerem, Anne Midtsæter, Kjell Ove Holsbøvåg og underteikna som delegatar, Kjetil Haanes som avgåande nestleiar i NJ og Marit Heiene som medlem i valkomiteen. Elles møtte Odd Kristian Dahle i delegasjonen til NRKJ og Ida Bommen som delegat for Studentlaget i NJ.

 

Av våre framlegg fekk vi gjennomslag for:

*Oppretting av eit forum for medlemer som er styrerepresentantar på sine arbeidsplassar.

*Studentmedlemer beheld medlemsskapen i NJ gjennom heilestudietida og slepp å fornye det kvart år slik som no.

*Medlemsskapskrav for nye frilansarar vert oppmjuka. (Rett nok ikkje fullt så mykje som vi ønskte.)

*Det skal gjennomførast ei vurdering av verdiutviklinga av innskotsbaserte tenestepensjonsordningar.

 

Våre forslag om at NJ skal ha som mål å vere mellom lønnsvinnarane ved oppgjera i 2010 og 2011 og ei vurdering av metodikk og taktikk ved dei siste lønnsoppgjera  vart sendt over til forhandlingsutvala.

 

Vi prøvde å få inn formuleringar i tiltaksplan om at satsinga på arbeid med mindre redaksjonar innan organisasjonsbygging og ved tariffoppgjer skulle prioriterast, men dette lukkast ikkje. Det vart likevel forsikra at dette arbeidet skulle halde fram, og så får ein sjå korleis det går.

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING