Orkla i Ukraina

(06.05.04) Tillitsvalgte i Orkla er bekymret over forholdene for journalister i Ukraina. Orkla eier en avis i landet. Nå har utenriksministeren fått brev om saken.

Konserntillitsvalgt Kjetil Haanes

Orkla Media

Boks 424 Skøyen

0213 OSLO                                                                                                       29. april 2004

 

 

 

Utanriksminister Jan Petersen

Utanriksdepartementet

7. juni pl. 1

Boks 8114 Dep

0032 OSLO

 

 

Kopi: Utanrikskomiteen v/leiar Torbjørn Jagland

 

 

VILKÅRA FOR JOURNALISTAR OG PRESSEFRIDOM I UKRAINA

 

Dei tilsette i Orkla Media er djupt uroa over stadige meldingar om at styresmaktene i Ukraina held fram med trakassering og overgrep av kritiske og undersøkjande journalistar. Vi fryktar for konsekvensane av at presse- og ytringsfridomen ikkje vert respektert i eit land med 50 millionar innbyggjarar, og i eit land som kan få ein sentral posisjon i utviklinga av det nye Aust-Europa og i EUs utviding mot aust.

 

Spesielt uroleg er vi over ferske meldingar frå Den internasjonale journalistføderasjonen (IFJ) om at over 40 journalistar/redaktørar/forfattarar har vorte drepne under mystiske omstende sidan 1991, og at presset mot det frie ord og uavhengige medier vedvarer. Dette vert også dokumentert i boka ”The press and the power”, utgjeven av den ukrainske journalistforeninga med støtte av Norsk Journalistlag.

 

Orkla Media eig avisa Vysokyj Zamok i den ukrainske byen Lviv. Det er etablert kontakt med dei tilsette i avisene, spesielt gjennom sentrale tillitsvalde i Orkla Medias polske aviser. Gjennom denne direkte kontakten har det kome meldingar om at presset frå Kuchma-regimet mot kritisk, uavhengig journalistikk held fram, både på nasjonalt og lokalt plan. Det er også frykt for at presset vil auke fram mot presidentvalet i haust.

 

Situasjonen har vorte drøfta på samlingar for NJ-organiserte i dei norske Orkla-avisene, på møter med leiinga i Orkla Media, og ikkje minst i møter med dei tillitsvalde i Orkla Medias polske aviser. Som naboland til Ukraina er dei polske tilsette djupt urolege over utviklinga.

 

Vi kjenner til at Norge skal overta leiinga av Europarådets ministerråd. Vi håper at Regjeringa ved utanriksministeren i denne posisjonen vil sørgje for at Europarådet nøye følgjer utviklinga i Ukraina og stiller krav til styresmakter og politiske aktørar i Ukraina om å respektere dei grunnleggjande føresetnadene for frie, demokratiske val; ytringsfridom og pressefridom. Vidare forventar vi at Europarådet under norsk leiing set sterkt politisk fokus på situasjonen for journalistar og uavhengige medier i Ukraina.

 

 

Med venleg helsing

 

 

-------------------------------------

           Kjetil Haanes

- fellestilltsvalgt i Orkla Media

    - konserntillitsvalgt i Orkla

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING