Over 30 påmelde!

(21.03.03) Sogn og Fjordane Journalistlag har no registrert over 30 påmelde til vårseminaret på Turtagrø, og det heile to veker før påmeldingsfristen går ut. - Dette er utruleg. Journalistar plar som regel vente til like før deadline med å levere, seier ein overlukkeleg leiar Jon H. Sørland til Turtagrø Newsletter.

Årsaka til den store interessa er nok at ingen veit heilt kva som skal skje. Styret køyrer for tida ein Helse Vest-modell på informasjonssida, med instillinga om at dess mindre dei veit, dess mindre veit dei.
Etter det Turtagrø Newsletter kjenner til, skal det likevel leke informasjon om program og liknande allereie neste veke. Den konkurrerande storavisa Bratte Bakkar vil då kome ut. Vi lovar derimot å kome denne publikasjonen i forkjøpet på det aller viktigaste.

Re-design


Ein av programpostane på vårseminaret er den nye designen til fleire av avisene i fylket. I denne bolken vil styret involvere flest mogleg av avisene. Klubbstyra bør difor velje nokon som skal representere si avis i denne bolken. Det skal diskuterast mellom anna effektar ved ny design, og alle dei aspekt som ligg i ny profilering av avisa. Gjer vel å gje tilbakemelding på dette snarast. Vi set, i tilfelle manglande tilbakemelding, opp klubbleiarane på denne bolken.

Geir Arne Solheim,


uansvarleg redaktør TN

Mobiltlf.: 957 51 992




Idium webpubliseringWEBPUBLISERING