Over 50 møtte Græsvik og Kokkvold

(25.04.03) ­- Ein krig må ha sitt grunnlag i folkerett og moral, det hadde ikkje denne krigen. Det sa Per Edgar Kokkvold då han og TV 2s Fredrik Græsvik torsdag 24. april innleia til debatt om Irak-krigen. Krig som tv-spel og frilansar Åsne Seierstads forhold til NRK blei også diskutert.

Av Ketil Tjore, sekretær i Bergen journalistlag

Samstundes som Kokkvold var kritisk til bakgrunnen for denne krigen, meinte han at fleirtalet av norske aviser har misforstått kva det inneber å vera kritisk.
- Å vera kritisk er ikkje berre å vera kritisk til USA. Ein må vera kritisk til begge partar, seier Per Edgar Kokkvold, generalsekretær i Norsk Presseforbund.
Kokkvold og TV2-reporter Fredrik Græsvik var innleiarane då Bergen journalistlag torsdag 24. april inviterte til debattmøte om Irak-krigen og mediedekninga. Mellom femti og seksti interesserte var møtt fram på Kafé Landmark denne solvarme ettermiddagen, og dei fekk høyra Fredrik Græsvik si forteljing om korleis det var å vera krigsreporter i Bagdad, og Kokkvold sitt syn på mediedekninga frå krigen.

TV-spel
Fredrik Græsvik fortalde om den negative opplevinga han fekk då han kom ut frå Bagdad etter to veker, og sjølv fekk sjå kva enkelte av TV-kanalane gjekk på lufta med.
- CNN sende bilete frå ein stad utanfor Bagdad, der alt som hende var at ei stridsvogn køyrte litt fram og attende, og journalisten repeterte gong på gong at det no ikkje hadde vore skotveksling dei siste timane, seier Fredrik Græsvik.
Fleire av dei frammøtte meinte at moglegheiten til å få vera med i fremste linje gjorde TV-dekninga perspektivlaus.
- Eg fryktar at teknikken sine moglegheiter skal blenda særleg dei som driv med fjernsyn, slik at dekninga vert som eit TV-spel og heilt utan perspektiv, seier Græsvik.

Åsne utan forsikring
Frå salen vart det også retta kritikk mot at NRK valde å ikkje ha journalistar i Bagdad, men samstundes nytta stoff frå frilansjournalisten Åsne Seierstad.
- Det var spesielt å oppleva at NRK sin utanriksredaktør var kritisk til at TV2 ikkje trakk ut sine folk, når NRK sjølv omfamna Seierstad to dagar etter, seier Øystein Bogen, utanrikssjef i TV2.
Seierstad var i Bagdad fram til byen fall, medan Græsvik forlet byen to veker etter at krigen starta. TV2-reporteren hadde ingen problem med at frilansaren Seierstad var att og leverte til NRK, men var kritisk til at oppdragsgjevarane ikkje tok ansvar for Seierstad sin tryggleik.
- Det er kritikkverdig at NRK og Aftenposten, som nytta stoff ho laga, ikkje hadde utstyrt henne med utstyr, kurs og forsikring. Hjelmen ho hadde var att etter Kirkens Nødhjelp, seier Fredrik Græsvik.

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING