Fleire av dei som var på jobb under leiteaksjonen møtest i Florø og fortel om opplevingane sine, etterfølgt av ein debatt, der blant anna politimeister Kjell Ese og NRKs politikritikar Rolf Sanne-Gundersen deltek.
Som de kanskje forstår: ulykker og dei ulike aktøranes roller blir hovudtema under vårseminaret i Florø.
Og når temperamentet først er på veg opp, så torer vi å ta opp temaet kulturjournalistikk. I skrivande stund har vi kulturjournalist Katrine Sele og teatersjef Terje Lyngstad på programmet - fleire kan komme med etter kvart.
Søndag får to kreative fotografar frie tøylar. Det kan bli spennande!
Om ikkje politiet har fått oss heilt i vrangstrupen, kan det kanskje også bli eit besøk på den topphemmelege operasjonssentralen på søndag. Meir vil vi ikkje røpe av programmet enno, bortsett frå at de må hugse påmeldingsfristen: 13. april, både for journalistseminaret og Alden-stipend.

