Politiet treng media

(08.12.03) - Politiet er opptekne av å gje informasjon til pressa på ein god og ryddig måte. Dette er ein viktig kanal for å halde folk informert. Vi har jo felles interesser i å fortelje om oppklarte lovbrot og generelt gjere folk kjent med politiet sitt arbeid. og så får vi finne oss i at media er kritiske til det arbeidet vi gjer, seier Ronny Iden ved Fjordane politikammer.

Offentlegheitslova gjeld ikkje i straffeprosessar. Difor kan ofte politifolk vere svært knappe i kommentarane i slike saker. Der er det ?need to know?-prinsippet som gjeld, faktisk også for dei politifolka som ikkje er involverte, til dømes på operasjonssentralen i Florø. Det kan vere ei av årsakene til at journalistar ofte føler at dei får svært lite info når dei kontaktar operasjonssentralen.


Samarbeid løner seg

- Politiet skal ikkje lyge. Då er det betre at vi gjer oss utilgjengelege, spøkar Iden.

Men spøken til side. Det kan vere ein del ting som journalistane må tenke på når ein vert frustrert i kontakt med operasjonssentralen. Denne er ikkje oppretta berre for media. Folk ringer til 112, det er sjuke folk som ringer, det er fulle folk som ringer, operasjonar skal koordinerast. Du kan tenke deg. På eit vaktskifte på åtte timar brukar ein kanskje to av desse til å prate med journalistane. Det er ikkje alltid det høver seg. Vi får interessekonfliktar som ikkje let seg løyse med velvilje, forklarer Iden.

 

Honnør til pressa

Iden har også brent seg på å gje for mykje informasjon. Ein gong tipsa han ein journalist om ei mindre barnepornografisak. Dette resulterte i at han måtte bruke to dagsverk på å snakke med andre media. Iden har likevel også skryt å kome med.

  - Pressa i Sogn og Fjordane skal ha honnør for korleis ein plar takle sedlighetssaker. Her fortel ein gjerne journalisten om korleis stoda er, om det er traumatisk for offeret, og så vert ein samde om ikkje å melde noko i media, fortel Ronny Iden.

  Slike ?avtalar? mellom politi og media har også ført til at ein har oppklart saker også, då det stundom er viktig å ikkje alarmere medskuldige ved å fortelje at ein av dei sit i varetekt. Slikt samarbeid løner seg til samfunnets beste.

 

Geir Arne Solheim



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING