- Grunnen til at Bergens Tidende oppretta sitt eige lesarombod, er at avisa ofte fekk melding frå lesarane om at ho var fjern og vanskeleg å koma i kontakt med. Det er eit tankekors at BT får tilsendt 12.000 lesarbrev i året, og berre 3.500 av desse kjem på trykk. Dette blir oppfatta som arroganse av dei av lesarane som ønskjer kontakt med avisa på denne måten. Dei vil ha svar, men føler at dei ikkje blir tatt på alvor, uttalte lesarombod Terje Angelshaug. Søndag føremiddag heldt han føredrag for deltakarane på Stord-konferansen til Haugesund Journalistlag.
I løpet av føredraget viste Angelshaug til mange aktuelle døme på saker der lesarane og han sjølv meiner at BT har vore for raske på labben. Drapet på Hedda Karterudsæter, Rocknes-forliset og ikkje minst den ferske saka om fire år gamle Kristina i respirator, der faren kjempar mot ekspertisen på sjukehuset som vil kopla ho frå.
- Med å innføra eit lesarombod i avisa, ønskte me å gi lesarane ein eigen kanal inn til BT. Undersøkingar viser at så mange som 55 prosent av lesarane til avisa veit om lesarombodet, fortalde Angelshaug.
Han er ein gamal ringrev i pressefaget. I BT har han jobba både som redigerar på desken og politisk redaktør før jobben som lesarombod. Dagleg får han mange lesarar som vender seg til han med reaksjonar på BT, opptil ti for dagen, og gjerne fleire også. Lesarkontakten skjer via telefon, epost, eitt og anna brev frå lesarar av den eldre garde, og ikkje minst frå eit eige diskusjonsforum på BT sine nettsider. I rolla han har fått, står han på utsida av redaksjonen. Lesarombodet er ei eiga avdeling i mediehuset BT. Angelshaug er einaste tilsette.
- Lesarane kjem ikkje berre med kritikk av det som står i avisa. Ofte er det tips og råd om saker som dei meiner avisa bør ta opp. Dette legg eg ut på BT sitt intranett, slik at redaksjonen kan ta tak i det, uttalte han.
- Ikkje berre lesarane, men mange internt på BT-huset set pris på ordninga med lesarombod, avslutta Angelshaug.

