Juryen si grunngjeving:
Sogn og Fjordane Journalistlag sin pressepris for 2004 går til ein verdig vinnar. Presseprisvinnaren har med god journalistisk teft funne fram til saka gjennom eit av dei mest brukte journalistiske verktøya vi har. Med ein fin kombinasjon av innleving og objektiv tilnærming har journalisten teke opp ei sak som i sterk grad vedkjem nokre av dei svakaste i samfunnet.
Gjennom godt journalistisk handtverk har journalisten klart å skapa eit sjeldant stort lokalt engasjement, så stort at bygdefolket fekk til ei ny politisk handsaming. Juryen meiner at dette rett og slett er eit godt døme på god lokaljournalistikk.
Vinnaren av presseprisen for 2004 er journalist Eli Grotle i Sogn Avis for saka "Kampen om Haugehuset."
Juryen var samansett av Tonny Nundal (redaktør i Haugesunds Avis), Solveig Barstad (TV2) og Arill Rise (tidl. NRK, no informasjonsdirektør)

