Presseprisen 2009 går til Firda-journalistane Ivar Longvastøl og Astrid Iren Solheim, fotograf Bent Are Iversen, og vaktsjef Trond Grimeland for reportasjeserien "Vanskeleg val for Vevring".
Sogn Avis-redaksjonen får rosande omtale for "Striden om Luster bad". Eli Vengen, NRK, får rosande omtale for radioserien "Å leve med rus".
Nyheitsredaktør i Firda Vidar Gudvangen mottok prisen på vegne av Firda-journalistane, som ikkje kunne vere til stades på årsmøtet.
Vi gratulerer vinnarane og journalistane som fekk rosande omtale.
Styret takkar juryen, som stod av juryleiar Turid Øvrebø, Høgskulen i Volda, Liv Grimsbø, Bergens Tidende og Kåre Furnes for innsatsen.
Juryen si begrunning for presseprisen:
"Bak serien står Ivar Longvastøl (journalist) og Bent Are Iversen (fotojournalist), Astrid Iren Solheim (journalist) og Trond Grimeland (vaktsjef).
I den vesle bygda Vevring i Naustdal kommune planlegg det børsnoterte selskapet Nordic Mining eit av Norges største gruveprosjekt, som Firda skriv: ”Eit tre år gammalt gruveselskap vil investere 1,5 milliardar kroner i Vevring og skape 170 nye arbeidsplassar. Ulempa er at dei må knuse eit fjell og plassere storparten i fjorden”.
I tre eineståande og nyheitsaktuelle reportasjar vert den klassiske striden mellom verne- og næringsinteresser formidla i tekst og bilete. Det journalistiske arbeidet er av svært høg kvalitet. Ein har gått djupt inn i ei omfattende sak og presentert fakta og ulike perspektiv gjennom ei allsidig bruk av bygdefolket som kompetente og veltalande kjelder, saman med ekspertar, utbyggjar og politikarane. I ein av reportasjane har redaksjonen gått eit steg vidare, besøkt ei bygd i distriktet som allereie har gruvedrift og lar bygdefolket der fortelje om erfaringane sine.
Dei tre reportasjane fyller heile 22 avissider. Men det er ikkje for mykje. Tekstane er stramme, men levande, og foto bidreg flott til ei samanhengande forteljing som både rører og opplyser. Presentasjonen har i tillegg høg estetisk og fagleg kvalitet og fangar lesaren umiddelbart. Ei viktig sak både lokalt og nasjonalt blir gjort tilgjengeleg og svært lesverdig. Reportasjane gir kunnskap, innsikt og engasjement i eit komplisert saksforhold. "
Rosande omtale til redaksjonen i Sogn Avis for ”Striden om Luster bad”:
"Avisa har følgt planane om Luster bad tett og over lang tid. Redaksjonen har funne fakta, informert og vore kritiske til
pengebruk, planar og reknestykke. Badeanlegget vil ikkje gå i pluss, men koste kommunen opp mot 5 millionar kroner kvart år.
Samstundes har avisa hatt ei balansert og engasjert framstilling av striden, og mange ulike røyster har fått spalteplass og
blitt høyrde. Dragkamp og motsetnader i kommunen har fått kome fram i avisa. Avisa sitt arbeid med saka i 2009 er eit døme
på god, kritisk journalistikk som er viktig for eit lokalsamfunn."
Rosande omtale til Eli Vengen, NRK, for radioserien ”Å leve med rus”
I fem gode radiosamtaler let Eli Vengen oss få møte ulike menneske som kvar på sin måte har levd med rus, anten som misbrukarar sjølve eller som nære pårørande. Ingen av dei fem er anonyme, dei både vil og tør vere opne og personlege om erfaringane sine. Det i seg sjøl syner at journalisten har gjort eit svært godt, tillitskapande arbeid overfor dei som deltek. Rus er et ømtålig tema, ikkje minst i små og gjennomsiktige miljø som vi finn i Sogn og Fjordane. Vengens radioportrett har vore med på å skape åpenheit og forståing. Journalistikken hennar har og avdekka at tilbodet om behandling og ikkje minst ettervern er svært dårleg i kommunane, samstundes som Helse Førde sin rusplan er mangelfull og utiltrekkeleg. Heller ikkje pårørande får den støtten dei treng. Radioportretta vart følgt opp med fleire viktige nyheitsartiklar på NRK si nettside og større debattar i studio.

