Silje Andvik Hoaas, Hardanger Folkeblad, smilte ekstra breiddt under Stord-konferansen. Ho vann både førstepris i HJ sin journalistikk-konkurranse, og vart nummer to i fotokonkurransen.
Nils-Tore Sele
Silje Andvik Hoaas, journalist i Hardanger Folkeblad, Odda, er den første i soga som har vunne 1. pris i Haugesund Journalistlag sin journalistikk-konkurranse. Prisen var ein sjekk på 3.000 kroner.
Konkurransen hadde "Menneske i sentrum" som tema, og den unge journalisten vann 1. pris med si sak om 93 år gamle Gundine frå Odda, som ikkje får sjukeheimsplass heime, og må på institusjon i Ulvik.
- Vinnarbidraget treff temaet midt i blinken. Dette er godt journalistisk handverk, det er brukt mange kjelder i saka. Artikkelen er ei viktig lokal sak, som viser kor makteslause pårørande ofte blir, sa medlem i juryen, Bjarte Amble, under utdelinga.
Amble meiner prisvinnaren særleg merkjer seg ut av di ho er fersk i faget, etter berre to og eit halvt år i yrket stakk ho av med den gjeve prisen.
I tillegg til journalistikk-prisen, utmerka ho seg også i HJ sin fotokonkurranse. Her fekk ho andreplass, og ein sjekk på 2.000 kroner.
Juryleiar i fotokonkurransen, Knut Strand, fotograf i BT, roste ho i varme ordelag for biletmotivet: Eit eldre, skråpeleg ektepar som feirar 17. mai på Nå ved Hardangerfjorden og får sjå folketoget ved at dottera køyrer dei ned til vegen med traktor, og dei to gamle sit i traktorskuffa.
Andvik Hoaas har jobba eit halvt år i Bergens Tidende og dei siste to åra i Hardanger Folkeblad.
Ivar Vaage, Grenda, fekk andreplass i journalistikk-konkurransen med sin artikkel om ei multihandikappa jente på 22 år, som nektar å la seg knekka av tøffe livsvilkår og som satsar friskt med kjøp av eige hus. Vaage fekk ein sjekk på 2.000 kroner.
