Program for årsmøtet 2003

(17.10.03) Programmet for årsmøtet i Kalvåg er no klart.

Årsmøte Sogn og Fjordane journalistlag 2003

Kalvåg i Bremanger, laurdag 18. oktober 2003 klokka 18.00.


Sakliste

1.       Opning ved leiar og helsingar

2.       Val av møteleiar og referent

3.       Godkjenning av innkalling og sakliste

4.       Godkjenning av presseprisjury

5.       Presseprisen tilbake til årsmøtemiddagen

6.       Godkjenning av ny avtale med Alden Forlag

7.       Bruk av Vossapengane

8.       Vedtekter for Fotoprisen

9.       Innkomne saker: Resolusjon frå frilansarane

10.     Årsmelding

11.     Rekneskap

12.     Val

 

SAK 4: Godkjenning av presseprisjury

Styrets framlegg til vedtak:

"Juryen for Presseprisen til SFJ 2004 vert sett saman av sunnmøringen Arild Riise (tidlegare NRK), førdianaren Solveig Barstad (TV2) og årdølen Tonny Nundal (redaktør i Haugesund Avis). Det vert opp til SFJ-styret å finne eventuelle vara."


SAK 5: Presse- og fotoprisen tilbake til årsmøtemiddagen

Styrets framlegg til vedtak:

"Utdelinga av presseprisen og fotoprisen vert flytta frå vårseminaret til årsmøtet om hausten. Presse- og fotoprisen skal igjen vere eit høgdepunkt under årsmøtemiddagen. Utdelinga av Aldenstipenda vert flytta frå årsmøtet til vårseminaret."

SAK 6.       Godkjenning av ny avtale med Alden Forlag

Styrets framlegg til vedtak:
"Styret har saman med Alden Forlag kome fram til følgjande avtaletekst, som er klar for signering:
ÅRBOKMIDLAR TIL SFJ
Avtale mellom Sogn og Fjordane Journalistlag (SFJ) og Alden Forlag.
SFJ får auka sin del av overskotet frå årboka frå 70.000 kroner til 100.000 kroner. Summen skal aukast med 5.000 kroner kvart år i seks år framover, med start i 2004. I 2009 skal utbetalinga vere oppe i 100.000 kroner.
Sign: Sogn og Fjordane Journalistlag og Alden Forlag. Stad: Dato: "
           


SAK 7.    Bruk av Vossapengane

Sogn og Fjordane Journalistlag har ståande 37.100 kroner kalla Vossapengane, opphavleg tenkt til stipend. Styret vil foreslå at delar av pengane kan nyttast til å auke attraktiviteten på foto- og presseprisen. Det vert lite att av til dømes presseprisen når kunstnar er betalt, og det eventuelt er fleire som skal dele prisen. I dag får SFJ 5000 kroner til kvar pris frå NJ sentralt, og denne summen skal dekke alt; Kunstnar/innramming av vinnarbiletet og pengepremien.
Styret vil lufte ideen om å nytte litt av Vossapengane til å auke summen for å sikra ein minimumssum, slik at vinnarane sit att med litt meir enn berre æra. 

Styrets framlegg til vedtak:

"Pengepremien til fotoprisen og presseprisen skal minimum vere på kr 2000. Dersom dei sentrale midlane ikkje strekk til, skal resterande beløp takast frå "Vossapengane"."
 

SAK 8. Vedtekter for Fotoprisen

Styrets framlegg til vedtak:

FOTOPRISEN "FOKUS" TIL SFJ 

Vedtekter: 
 
A) Prisen gjeld for journalistar og fotografar som er medlem av SFJ.

B) Det vert delt ut ein pris, men det kan gjevast heiderleg omtale i tillegg.

C) Kvar kandidat skal plukke ut 1. stk bilete, publisert i løpet av siste kalenderår. Biletet skal sendast inn i eitt eksemplar (A4), i tillegg til digitalt.

D) SFJ sin fotopris skal ha namnet: "FOKUS"

E) Biletet skal:
* Ha bodskap, og stå som eit sjølvstendig journalistisk produkt.
* Ha vore publisert.
* Ikkje vere manipulert utover vanleg bildebehandling.

F) Kopi av avissida/eller avisa der biletet stod på trykk, evt. utskrift frå nettavis, skal leggast ved det innsendte biletet.

G) Kvart klubbstyre kan maksimalt sende inn tre kandidatar. 

H) Tre personar skal sitje i juryen. Juryen skal oppnemnast av styret.
Grunngjevinga av vinnarbiletet skal vere skriftleg.

I) Finn juryen ingen verdige vinnarar mellom dei innsendte kandidatane,
kan dei på eige grunnlag kåre ein vinnar.

 

J) Vedtektene gjeld SFJ sin fotopris, og den skal delast ut ein gong i året.

K) Vedtektene for Fotoprisen er vedteke av årsmøtet i Sogn og Fjordane Journalistlag (18.10.03).

SAK 10:   Årsmelding

Styrets framlegg til vedtak:
 
Styret 2002/2003
Styret for perioden har bestått av leiar Jon H. Sørland, nestleiar Jan Egil Fimreite, fagleg ansvarleg Frode Søreide, og sekretær/kasserar Geir Arne Solheim. Solheim og Søreide tok over for Katrine Sele og Gro Ravnestad på førre årsmøte. Vara i perioden har vore Jørn Lien, Kari Råsberg og Arve Solbakken. Valnemnda: leiar Roy Raasholm Fauske (leiar) og Anna Wuttudal.
 
Tillitsråd2 2002
Tillitsråd2 vart halde i Florø 17. desember. Temaet var doping, etter ein del skandalar i idrettsverda. Til stades var om lag alle klubbleiarane. Ein melde forfall grunna sjukdom. Gjester var Stian Grimseth, Jan Atle Stang frå Firdaposten og Anders Skrede frå skikrinsen. Det vart ei god samling med innlagt rådsmøte og julemat.
 
Tillitsråd1 2003
Tillitsråd1 vart halde på Turtagrø i Sogn fredag 25. april. Til stades var representantar frå styret (NRK, Firdaposten, Fjordabladet), frå Firda, Sogn Avis og Nj-sentralt ved Ketil Heyerdahl. Tok opp til diskusjon vedtektene til presse og fotoprisen, samt juryen til desse prisane. Sender det vidare til årsmøtet. Diskuterte lønnsstatistikk. Desse er tilgjengeleg på NJ sine heimesider. Heyerdahl synte fram heimesidene til NJ, og verktya som klubbane kan nytte seg av.
 
Vårsamling 2003
26.-27. april på Turtagrø i Sogn. Hadde eit variert program med ulike tema. Litt over 30 journalistar stilte. Hovudtemaet var i utgangspunktet miljøvern/kraftprisar, på grunn av dei høge kraftprisane og mediadekkinga av krisa. Godt panel med mellom anna stortingsrepresentant Heidi Grande Røys (SV), Ola Berge Dregni, Harry Mowatt, Svein Hove (Hydro) og Rigmor Solem. Hadde også kommentarjournalistikk som tema. Her var det Rolf Sanne Gundersen som hadde eit godt innlegg.
Irak-krigen var også eit heitt tema, og vi fekk dermed Fredrik Græsvik (TV2) til å vere saman med oss heile helga. Han heldt innlegg og snakka mykje med journalistane. Søndagen var det tid for å knyte kontaktar, gå turar og pleie vennskap. Ole Berge Dregni sitt foredrag om hotellet, nasjonalparken og media var også eit høgdepunkt.
 
Økonomi 2002/2003
Styret har hatt god styring på økonomien, og ikkje gått på nokon smell på nokon av arrangementa. Det er NJ sentralt nøgde med. Økonomisystema har variert svært mykje, og det har difor vore alt anna enn enkelt å forhalde seg til økonomien. Det har vore skiftande rekneskapsår, og dei økonomiske rapporteringssystema har endra seg fleire gonger i perioden. Likevel har styret hatt kontroll over løpande utgifter og inntekter. På grunn av fin økonomikontroll vil truleg SFJ få styrka eigenkapitalen med noko av det overskytande av pengane som ikkje vart nytta dei tre siste månadene i 2002. 
 
Bratte Bakkar
Har kome jamleg ut i førekant og etterkant av journalistlaget sine arrangement. Kom ut etter Hauststormen og etter tillitsrådet i desember. Kom ut i førekant av Turtagrø. Kom ut i etterkant av Turtagrø saman med innkalling til årsmøtet. Har hatt reportasjar som har vore særskilt interessante frå samlingane vore. Vore eit organ for informasjon om stipendordningar og søknadsfristar. Har hatt presentasjon Ole Johannes Øvretveit, og Hilde Genberg og Jarle Varpe har hatt pennen upåhalden i handa. 
 
Styremøte
Det har vore halde svært mange styremøte i perioden. Dei fleste har vore per telefon, noko som har fått ned kostnadene i styrearbeidet.
 
Aktivitet
I perioden har vi avhalde Hauststormen (samstundes med årsmøtet 2002), tillitsråd2 (haust) i Florø, tillitsråd1 (vår) på Turtagrø og vårseminar på Turtagrø.
 
Landsmøtet
Jon H. Sørland og Frode Søreide reiste på landsmøte i Sandefjord. Geir Arne Solheim vart sjuk, men ingen vara kunne stille. Det var eit interessant landsmøte.
 
Heimesider
Det har vore ei fornying av heimesidene til SFJ. Vi er no i same drakt som resten av organisasjonen. Frode Søreide og styret tek over utlegging av stoff etter Arild Nybø, etter ein overgangsperiode. I framtida vil laget nytte heimesida i større grad, med tanke på informasjon ut til alle medlemmene.
 
E-postkontakt
Styret har hatt grei kontakt med klubbane via e-post. Bruk av Nyhendeskriv har vore godt motteke.
 
Hauststormen
For andre gong arrangerte Sogn og Fjordane Journalistlag Hauststormen, saman med Bergen og Haugesund Journalistlag, og også i 2002 vart dette ein suksess med mange interessante innlegg. Det var kring 70 journalistar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til stades på seminaret. Arrangørkomiteen var samansett av Jon H. Sørland, Astrid Dalehaug Norheim og Rosa Villalobos. Ole Torp fortalde om 11. september 2001, foreldra til fetteren til Birgitte Tengs fortalde sin historie, Bjørn Tvedte-Berger haldt eit interessant innslag om Kripos sine avhøyrsmetodar og Lars Sigurd Sunnanå braka saman med Dagen-redaktør Sverre Hove om Midtausten konflikten. Sunnanå braka også saman med Henrik Færevåg om flykrasj-journalistikken. Anne-Mari Aalberg fortalde om å gå frå å vere journalist til redaktør, saman med Magnhild Gjengedal. Bård Espen Hansen fortalde om korleis VG-journalistane er fotsoldatar meir enn journalistar somme tider. Dette var berre noko av det deltakarane fekk med seg på den stormfulle helga, som fagleg og økonomisk gjekk strålande.
 
Pressepris og fotopris
På Turtagrø 26. april 2003 vart det delt ut pressepris. I år var det Arild Nybø og Ottar Starheim som fekk prisen for sitt arbeid med fylkesleksikonet. Juryen bestod av Liv Henjum, Atle Hellevik og Steinar Lægreid. Den same juryen avgjorde også kven som skulle få fotoprisen. Den heldige vart Arne Stubhaug med sitt bilete av ein misjonær frå Jehovas Vitne. Anna Wuttudal fekk samstundes heiderleg omtale for biletet Over Brekka.
 
Aldenstipend
Det vart delt ut Aldenstipend under middagen på Hauststormen første helga i oktober 2002. Aldenstipendet gjekk i fjor til Harald Bratland Carlsen og Oskar Andersen for sitt prosjekt "Tusenårskysset", Kenneth Ø. Monsen for Englandstur til gamle fotballheltar, Odd L. Drabløs for "utflaggingssjuka" og Geir Arne Solheim for å følgje ein lokal idrettsmann på stemne utanfor heimtraktene.
 
Organisasjonssekretær
Geir Arne Solheim har fungert som organisasjonssekretær i denne perioden. Journalistlaget sitt kontor har vore i Deknepollen. Solheim sit i styret som sekretær og kasserer. Ordninga er finansiert av Alden-midlane.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING