Program for Skånevik-helga

(18.09.08) Her ligg oppdatert program for konferanse-helga i Skånevik. Ein del endringar har kome til.

Program til HJ's vinterkonferanse i Skånevik 1- 3. februar

_____________________________________________________________________________

Fredag 1. februar:

 

Småbrukarlaget i HJ samlast ( Spesielt tilbod til HJ-medlemmer i redaksjonar der me har 12 og færre medlemmer) Men ingen HJ-medlemmar blir stengde ute.!

Kl. 17.30: Velkommen og innsjekk

Kl. 18.05: Er den faglege stoda for oss i småredaksjonar blitt forverra eller betra siste året?

Kva gjer NJ med dette?

Innleiingar ved Kjetil Haanes nestleiar i NJ og Ketil Heyerdahl fra sekretariatat i NJ

 

Kl. 18.45: Møkkagravar i klintango med kjelda?

Frilansjournalist Birgit Røe Mathisen har skrive masteroppgave i journalistikk om temaet. Ho fortel om sine funn. Avisene ho har undersøkt er nord-norske, men problemstillinga gjeld oss alle. Ho stiller provoserande spørsmål: Unngår me å ta i ubehagelege saker fordi det er så nær tilknytning til kjeldene? Driv me sjølvsensur når me skriv av same grunn? Droppar redaktørar saker fordi dei sit i det lokale Rotary saman med kjelda?

 

Kl. 20.30: Kven har drite på draget og presentert tekstreklame i spaltene, eteren eller på skjermen i året som gjekk?

Tekstreklameutvalet legg fram ferske døme

 

Kl.21.05: Offisiell opning av HJ's fotoutstilling. Dei ti finalebilda til årets Fotokonkurranse blir avduka.

 

Kl. 21.15: Me et middag og har det framleis gildt saman

 

 

Lørdag: 2. februar:

 

Kl. 10-11.00: Tillitsråd for alle.

Kva forventar me og kva har me i vente ved tariffoppgjeret til våren?

Nestleiar i NJ Kjetil Hånes og Ketil Heyerdahl frå NJs sekretariat innleier og svarar på spørsmål og tar i mot innspel.

Hånes orienterar om utviklinga i Edda Media, Schibsted og A-pressa og kva me har i vente på arbeidsplassane våre.

Spørsmål og duskujson

 

Kl. 11.00- 13.00: Veit lokalavisredaktørane kva dei skal bruka internettet til?

Korleis blir multimediakvardagen vår?

Stipendiat Arne Krumsvik ved Journalisthøgskulen held innleiing

Sidekommentarar frå Svein Olav Langåker i Sunnhordland, Kjetil Hånes i NJ og frå lokale multimediaaktørar i eigne rekker.

 

Kl. 13.00: Lunsj

 

Kl. 14.00: Terra-skandalen.

Korleis kunne politikarane i Haugesund gjera samrøystes vedtak om å setja seg i gjeld for å risikera så mykje å vinna så lite? Kvifor oppdaga ikkje politikarane faren før. Kvifor oppdaga ikkje me i pressa dette tidlegare?

Journalist Morten Hofstad i Finansavisen var den første, som skreiv om det som blei til Terra-skandalen. Korleis starta det. Korleis jobba han med saka. Kva bør me i lokale media læra av Terra-skandalen.

 

 

 

Kl.15.00: Kaffipause m litt attåt

 

Kl. 15.20: Journalistane Joar Grindheim og Hans Inge Ringodd i Haugesunds Avis har jobba med Terra- saka og deler med oss sine røynsler, mellom anna om kor vanskeleg det har vore å få ut informasjon frå Haugesund kommune i denne saka.

 

Haugesund- ordførar Petter Steen gir sin versjon og svarar på spørsmål.

 

Panel-debatt med innleiarane

 

Programleiar: Harald Dale.

 

Kl. 16.35: HJ held ekstraordinært (omframt) årsmøte.

 

Kl. 16.30-17.45:Tillitsråd held fram

Stoda i klubbane våre. Me tar ein runde der kvar enkelt klubbleiar/kontakt presenterar sine heitaste tema.

NJ's nestleiar Kjetil Haanes blir med. Det gjer også Ketil Heyerdahl frå NJ's sekretariat.

Bruk ekspertane medan dei er midt i blant oss.

 

 

Kl. 19.30: Aper i tif

 

Kl. 20.00: Festmiddag

Utdeling av Presseprisen

Utdeling av Journalistprisane

Utdeling av Fotoprisane

Kl. 22.35: Vårt tradisjonsrike husband fra Skånevik Fjordhotel gjer comeback

Berre denne storhendinga aleine er grunn god nok til å dra til Skånevik første helga i februar.

Dans og moro

 

Søndag 3. Februar

Kl. 09.00: Frukost

 

Kl. 10.00: Vinnarane av Journalistprisane fortel om sine høgt verdsette arbeid, grep, metodar  og utfordringar undervegs, som me andre kan læra av.

 

Kl. 11.00: Juryen til Fotoprisane viser fram nominerte bilde og drøftar kvalitet og evt. veikskapar ved gode bilde.

 

Kl. 12.30: Lunsj

 

Kl. 13.05: Klargjering for heimreis samstundes som medvitet om at det er eit heilt år til neste gong sig innover deltakarane.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING