Program for fotokurset

(13.02.07) Brukar du digitalt kamera og kjenner grunnprinsippa med speglrefleks, men ønskjer å lære meir om dei tekniske moglegheitene? Er du lysten på inspirasjon for å bli ein meir kreativ fotograf? Då er dette kurset din sjanse. Sogn og Fjordane journalistlag inviterer deg til fotokurs 9-11. mars. Meld deg på i dag!

FOTOKURS på Solvang i Førde fredag 9. mars til 11. mars 2006

Målgruppe:

Personar som bruker digitalt kamera og kjenner grunnprinsippa med speglrefleks, men som vil lære seg meir om dei tekniske moglegheitene, og i tillegg treng inspirasjon til å bli ein meir kreativ fotograf .Kurset er lagt opp med sikte på ein journalistisk kvardag, der ein ofte hamnar i tronge og lysfattige situasjonar, og til dels må jobbe fort.

 Målsetting:

Å bli tryggare på kameraet og dei ulike innstillingane.Lære lysmåling, korrekt eksponering, bruk av iso og kvitbalanse, med og utan og litt blits. Inne og ute, i mykje og lite naturleg lys. Biletkomposisjon og biletforteljing. Dei viktigaste funksjonane i Photoshop

Fredag kl. 15.00 - 20.00
15.00 - 16.30:
Registrering og presentasjon av kurs og deltakarar.
Bruk og funksjon av digital speglrefleks. Pixel, DPI, filformat, ISO, Digital oppskarping. Optimalisere innstillingar for god biletbehandling.

16.45 - 18.15:
Brennvidder, crop-faktor (kva er det?), djubdeskarpleik, styrtande liner. Komposisjon.
Praktiske øvingar

18.30 - 20.00
Evaluering av bilete på storskjerm.
Bruk av histogram. Lysmåling og eksponering. Kvitbalanse.
Om objektivet - brennvidde og cropfaktor.
Oppgåver til i morgon med fokus på (lite) lys



Laurdag kl. 09.00 - 11.30
09.00 - 10.30: Evaluering av bilete frå mørke rom, og ute, med og utan blits
Diskusjon; Kva er eit bra bilete?

10.45 - 11.30
Lysteori. Lysretning og lyskvalitet. Praktiske øvingar i naturleg lys.
Nye oppgåver?



Søndag kl. 10.00 - 12.30
10.00 - 11.30:
Olav Øygard - å fortelje med bilete. Det journalistiske fotografiet. Frå ide til bilete.
Døme på korleis han har løyst ulike saker - teknisk og "mentalt". Utgangspunkt og resultat eter jobbing i Photoshop.

11.45 - 12.30
Evaluering av bilete frå kurset.
Frå PC til print og på trykk i ulike medier.
Avslutning. 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING