"Dei stengte dørene" og dei "forferdelege pågåande journalistane" er stikkorda for haustkonferansen i Kalvåg.
Program laurdag:
11.15: Oppmøte og lunsj på KNUTHOLMEN
12.00: Offentligheitslova – døropnaren!
Gunnhild Sindre frå Markane, Stryn, frilansjournalist med bakgrunn frå mindre og større aviser. Brennande oppteken av dokumentoffentligheit.
– Korleis kan vi bruke lova til å få innsyn i offentlig forvaltning.
12.30: Kva veit ein nyvald ordførar om offentligheitslova?
Kåre Olav Svarstad (Ap), den nye ordføraren i Bremanger (frå 27. oktober).
Mannen som skal føre ordet i Bremanger eig småbruk og har bakgrunn frå televerket og Bravida, mange år i fagrørsla og som
lokalpolitikar.
12.45: Pause
13.00: Det umulige barnevernet?
Rita Tonning, fylkessekretær, fellesorganisasjonen Sogn og Fjordane.
Tonning er rimeleg lei av at FO ikkje vert kontakta av media når barnevern og sosialkontor får skuldinga mot seg i media.
– Vi kan faktisk uttale oss på generelt grunnlag i svært mange saker, og er ikkje interessert i å skjule oss bak teieplikta,
hevdar Tonning.
13.30: Politiet i Sogn og Fjordane si "Informasjonsplikt"
Ronny Iden, leiar for retts- og påtale, politiinspektør og nestkommanderande ved Politimeisteren i Sogn og Fjordane.
Iden tek for seg politiet sitt forhold til media her i fylket. Han kjem med ris og ros, og tek for seg tankevekkjande poeng:
– Den upresise journalisten – eit praktisk problem for operasjonssentralen.
– Ei straffesak i media kan føre til meir "motstand" for politiet.
– I straffesaker er det ingen informasjonsplikt. Journalistane er prisgitt politiet.
– Mange i politiet er forsiktige og engstelige når dei skal snakke med media.
13.55: Pause
14.00: Spark og ros frå Kjell Opseth
- Erfaringar med media frå eit langt politisk liv på riksnivå.
15.00: Ein gjennomgang av lovverket.
Ina Lindahl. Organisasjonsekretær i Norsk presseforbund, bakgrunn som jurist.
Stikkord: Møteoffentligheit, dokumentoffentligheit, teiepliktreglar og informasjonsplikt.
Lukking på feil grunnlag, gal bruk av teieplikt,og tilsette som trur dei ikkje har lov til å ytre seg.
15.45: Kaffi, frukt og sveler.
16.00: Paneldebatt
18.00: Årsmøte (de vil få meir orientering om årsmøtet)
20.00: Havets festbord på Knutholmen, med utdeling av Aldenstipend. Dans.
Søndag: Frukost frå kl. 09.00, båttur klokka 11.00-1300.

