PROTOKOLL ETTER ÅRSMØTET 2004
MØRE OG ROMSDAL JOURNALISTLAG
1. Opning
Bjørn Steinar Skarbø opna årsmøtet i lokala til Sunnmørsposten, med 44 delegatar til stades.
2. Konstituering
2a) Godkjenning av innkalling (vedlegg 1) og dagsorden.
b) Kort presentasjon av 44 delegatar
c) Deretter følgjande val:
Møteleiar: Arnfinn Mauren
Referent: Synnøve Hole
Til å skrive under årsmøteprotokollen: Per Kåre Tveekrem og Olav Skjegstad
Redaksjonskomite: Olav Skjegstad, Bjarne Bekkeheien Aase og Hilde Nilsson
Tellekorps: Borge Otterlei, Egil Torvik og Elisabeth Haddal Røsvik
3. Årsmelding
Lagt fram og godkjent (vedlegg nummer 2) med endring under punktet ”Tillitsråd og medlemsseminar”: I oppramsinga av kven som var til stades skal også Vestlandsnytt vere med
4. Rekneskap
Lagt fram og godkjent (vedlegg nummer 3) med eit underforbruk på 32 944,- Desse pengane blir tilbakeført til NJ.
Ordet til spørsmål/debatt:
Solfrid Vartdal: Skeptisk til å bruke mindre pengar enn det vi får overført. Fare for at NJ i neste omgang gir laget mindre å rutte med. Oppmoding om å bruke pengane på fagleg aktivitet.
Kåre Sæther: Påminning om at pengane tilhøyrer medlemene enten vi sit i Ålesund eller Oslo. Greit å vere nøktern, ikkje noko poeng å prøve å bruke opp løyvingane.
5. Handsaming av innkomne forslag
Forslag frå styret:
”Styret i Møre og Romsdal Journalistlag skal det komande året vurdere prisane Møre og Romsdal Journalistlag deler ut og leggje eventuelle forslag om endringar fram for årsmøtet 2005. Styret har fullmakt til å halde tilbake prisar frå utdelinga i 2005”.
Forslag frå Arnfinn Mauren:
”Styret i Møre og Romsdal Journalistlag skal det komande året vurdere prisane Møre og Romsdal Journalistlag deler ut og leggje eventuelle forslag om endringar fram for årsmøtet 2005. Utdelinga av Gromungen blir avvikla umiddelbart.”
Ordet til sprørsmål/debatt:
Bjørn Steinar Skarbø: Styret meiner at tida er inne for å gå gjennom prisane på nytt.
Synnøve Hole: Poenget med gjennomgangen er å få sett på om Gromungen no har gått ut på dato.
Arnfinn Mauren: Gromungen er utgått på dato. Det skaper problem for oss når vi den eine dagen skal dele ut statuetten, og så møte prisvinnaren t.d. til eit kritisk intervju. Prisen har vore eit problem i mange år, på høg tid å kutte han ut.
Svein Bjørnerem: Det går ikkje an å avvikle Gromungen på så kort varsel. Dette burde vore betre førebudd.
Frode Berg: Samd med Arnfinn Mauren i at prisen bør avviklast, men meiner det ikkje bør gjerast omgåande.
Borge Otterlei: Kvifor skal vi avvikle prisen? Kva er problemet?
Kjell Ove Holsbøvåg: Ser ikkje det store problemet, meiner det er unødvendig å avvikle prisen.
June R. Johansen: Kan ikkje ta stilling til ei så viktig sak over bordet, dette bør presenterast på neste års årsmøte, etter ei grundig evaluering.
Per Kåre Tveekrem: Utidig å avvikle prisen etter eit benkeforslag. Meiner ei eventuell innstilling til Gromungen bør sendast ut til alle klubbane for uttale før tildeling. Vil setje fram nytt forslag:
” Styret i Møre og Romsdal Journalistlag skal det komande året vurdere prisane Møre og Romsdal Journalistlag deler ut og leggje eventuelle forslag om endringar fram for årsmøtet 2005. Styret sitt forslag til Gromunge skal sendast ut til organisasjonsmessig behandling i klubbane i god tid før årsmøtet”.
Bjørn Steinar Skarbø: Styret kan innarbeide dette i sitt forslag, og det nye forslag blir då:
” Styret i Møre og Romsdal Journalistlag skal det komande året vurdere prisane Møre og Romsdal Journalistlag deler ut og leggje eventuelle forslag om endringar fram for årsmøtet 2005. Styret sitt forslag til Gromunge skal sendast ut til organisasjonsmessig behandling i klubbane i god tid før årsmøtet”.
Kåre Sæther: Kan ikkje avgjerast noko no over bordet, for kort tid.
Inge Kløvning: Småavisene vil gjerne ha sine eigne ”Gromungar”, slik at folk frå mindre stader og miljø også kan få rosande ord.
Håvard K. Sporsheim: Kva seier statuttane om prisen? Fins det statuttar?
Olav Skjegstad: Målet med Gromungen er å medvirke til større openheit. I tillegg kan utdelinga ha ein viss pr-effekt. Bra dersom prisen kan inspirere til større openheit i eit stadig meir lukka samfunn.
Gunhild Sætre: Bra å røske opp i utdelinga av prisar i MRJ. Vi kan vel dele ut ros på andre måtar. Gromungen har gått ut på dato.
Arnfinn Mauren: Ser dei praktiske problema det skaper dersom vi skal måtte returnere årets prisvinnar. Kan stryke siste setning og kjem med nytt forslag:
”Styret i Møre og Romsdal Journalistlag skal det komande året vurdere prisane Møre og Romsdal Journalistlag deler ut og leggje eventuelle forslag om endringar fram for årsmøtet 2005. Utdelinga av Gromungen blir avvikla frå 2005.”
Arnfinn Mauren sitt forslag fall mot 12 røyster. Fleirtalet gjekk for styret sitt forslag:
” Styret i Møre og Romsdal Journalistlag skal det komande året vurdere prisane Møre og Romsdal Journalistlag deler ut og leggje eventuelle forslag om endringar fram for årsmøtet 2005. Styret sitt forslag til Gromunge skal sendast ut til organisasjonsmessig behandling i klubbane i god tid før årsmøtet”.
6. Val
Forslaget blei lagt fram av leiaren i valkomiteen, Tore Ellingseter. Han har hatt med seg i valkomiteen Kjell Ove Holsbøvåg og Stein Siem.
INNSTILLING FRÅ VALKOMITEEN:
Styret:
Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet (på val)
Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke (ikkje på val)
Kristin Knudsen, Sunnmørsposten (ikkje på val)
Odd Kristian Dahle, NRK Møre og Romsdal (ny)
Bjørg Elin Sæterbø, Tidens Krav (ikkje på val)
Stein Arne Lilleøy, Vestlandsnytt (ny)
Janne Brit Aasen, NRK Møre og Romsdal (ny)
Valkomiteen innstiller på at Bjørn Steinar Skarbø blir gjenvalt som leiar, valt ved akklamasjon.
Varamedlemer:
1. Repr. frå Høgskulen i Volda (fast møtande)
2. Arnfinn Mauren, Aftenposten
3. Anita Vingen, Romsdals Budstikke
4. Arne Rovick, VG
5. Trond Hustad, Romsdals Budstikke
Samtlege medlemer og varamedlemer valt ved akklamasjon.
Revisorar:
Marit Heiene, Romsdals Budstikke (ny)
Gunnar Sandvik, NRK Møre og Romsdal
Valkomite:
Kjell Ove Holsbøvåg (kontaktperson)
Synnøve Hole
Terje Engås
Utsendingar til Norsk Journalistlag sitt landsmøte i Sandefjord 26.-28. april 2005:
1. Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet
2. Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke
3. Kristin Knudsen, Sunnmørsposten
4. Repr. frå Høgskulen i Volda
5. Bjørn Elin Sæterbø, TK
1. vara: Odd Kristian Dahle, NRK
2. vara: Janne Brit Aasen, NRK
Forslag frå Frode Berg om å setje Dahle på 5.plass og Sæterbø på 1. vara. Fall mot ni røyster.
7. Framlegg om aktivitetar det komande året
På grunn av tidspress blei forsamlinga samde om at delegatane skulle ta kontakt med Bjørn Steinar Skarbø dersom dei hadde konkrete forslag.
18.10.04.
Synnøve Hole
referent

