REFERAT FRÅ STYREMØTE I OJ, GJØVIK, 19.04.05

(21.04.05)

TIL STADES: Asbjørn Risbakken, June Persdatter Martinsen, Mona Strande og Ingvild Bjørklund Wangen.

 

  1. DATO FOR POLITISK JOURNALISTIKK-SEMINAR

Vi har forkasta helga i mai, fordi det var vanskeleg å få tak i folk. Ny dato er sett til 27. og 28.august.

 

  1. INNHALD I SEMINARET

Vi held fast ved tittelen ”Gjer vi Noreg dummare.” Vi held oss til dei gamle programpostane, men prøver å gjera det litt meir dagsaktuelt, sett i forhold til at vi er midt i valkampen.

 

Programmet:

 

1. I June si innleiing satsar vi på aktuelle saker frå årets valkampdekning så langt, med fokus på dei oppsiktsvekkande sakene, og dei som har fått mykje merksemd på både riks og lokalplan. Her må alle bidra, vi kjem attende til fordeling av oppgåver.

 

2.Foredrag v/ medievitere. Vi ser for oss at dei får reflektere kring temaet ”gjer vi Noreg dummare,” med utgangspunkt i den politiske journalistikken. Her held Mona tak i trådane.

 

3. Lunsj

 

4. Dette var inspirasjonsposten IJ skulle stå for. Vi vurderer om vi kan bytte ut IJ med kvinna som lagar ein dokumentar om Jens Stoltenberg. (June)

 

5. Som før: Vi let ein profilert journalist/redaktør og ein politikar halde foredrag ”Korleis bruke og bli brukt av media i ein valgkampsituasjon?” Vi gjer nye forsøk på å få tak i Marie Simonsen og Knut Storberget. Alternativt går vi på dei andre namna som har vore diskutert.

 

6. Paneldebatt. Desse vil vi helst ha: Simonsen, Storberget, Ole Erik Almlid, Thore A. Nistad, Anette Trettebergstuen. Eventuell debattleiar: Gro E. Hammerstad.

 

  1. PRISPENGANE

Vi foreslår å bruke pengane på fagleg oppdatering i samband med eit styreseminar i Oslo, anten 20-21 mai eller 10-11 juni. June sjekkar kva som passar for Tore Sjølie.

 

  1. NYTT STYREMØTE

Tysdag 24. mai klokka 17.15 hjå OA på Gjøvik.

 

 

20.04.05

Ingvild (ref)


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING