NRKs Journalistlag i Bergen meiner festspeldirektør Bergljót Jónsdóttirs framferd overfor to av våre medlemmer i dag, er totalt
uakseptabel. Under Festspillenes pressekonferanse blei journalistar frå NRK utskjelt og trua med advokat, etter å ha stilt
spørsmål i samband med konflikten i organisasjonen. Jónsdottir kravde også å få utlevert opptaka eller å få ei skriftleg erklæring
på at sekvensen med hennar reaksjon ikkje blei sendt.
Redaksjonsklubben kan ikkje akseptera at ein av landets fremste kulturadministratorar prøver å leggja band på media og journalististars
rett til å utføra arbeid sitt.
At striden i Festspillene ville bli eit tema på dagens pressekonferanse var opplagt, og Jónsdottir tok sjølv opp saka. Det
er då overraskande uproffesjonelt av ho å forventa at journalistane ikkje vil stilla spørsmål om temaet i intervju.
Denne saka viser kor viktig det er å driva kritisk journalistikk også overfor maktpersonar, organisasjonar og institusjonar
innan kulturlivet. Og kulturlivet må tåla å bli sett under same journalistiske søkelys som andre. Dagens reaksjon frå Jónsdóttir
viser at ikkje alle kulturleiarar har forstått dette.
Det er positivt at styreformann Jannik Lindbæk har beklaga hendinga, men me forventar at festspeldirektøren sjølv er så klok
at ho personleg beklagar dette overfor NRK og journalistane som blei utsett for hennar framferd.
For NRKJ Bergen
Jan Børge Leirvik, klubbleiar
"

