Aalberg er no sjukmeldt frå stillinga som redaktør i Fjordabladet, men seier til same avis, at rolla som redaktør og politikar lett går an å kombinere.
- Eg trur ikkje det skal by på problem å skilje dei to rollene. Eg er eit menneske som sjelden ser problem, berre mogelegheiter, seier den ferske FrP-politikaren til Fjordabladet.
Aaleberg kan også bli ein profilert FrP-politikar. Leiaren i Eid Framstegspartiet Lars Svein Drabløs har alt lansert ho som kvinnepolitisk talskvinne for partiet i fylket, og han vil også arbeide for at den sjukmelde redaktøren skal få ein høg plass på partiet si Stortingsliste ved neste val.

