Redaktørane i Firda provoserar

(16.05.04) Dei streikande jouranlistane i Firda reagerar på måten redaktørane i avisa opptrer under streiken.

Dei streikande Firda-journalistane opplever fredag- og laurdagsavisa for lite prega av streiken. Underredaktørane har produsert mykje meir til papiravisa enn dei vanlegvis gjer. Vi meiner dette strir med avtalen vi gjorde før streiken, men i samtalar med redaktøren har vi ikkje møtt noko forståing for synet vårt.

Tvert om har vi blitt møtt med ein påstand om at vi har brote protokollen, fordi ein uorgansiert frilanser ikkje vil jobbe med fotballresultat under streiken. I protokollen har redaktøren skrive at han vil nytte frilansera til hendingssaker. Då vi protesterte, utdjupa han med at "om hurtigruta går på grunn i Solund ringer eg rundt for å få så mykje tekst og bilde som eg kan". Vi meiner fotball ikkje er tilsvarande hendingsak som dette. Det er dessutan heilt vanleg at uorganiserte frilanserar let vere å jobbe for ei avis i streik. Likevel truar redaktøren med å la dette få konsekvensar for ein ung gut si framtid som frilanser for Firda. NJ-tillitsvalte pålegg ikkje frilansera å halde seg unna ei avis i streik. Om vi blir spurde om råd, er svaret; Følg ditt eige samvit.

Vidare er bilde utveksla frå Firdaposten ikkje kreditert, medan akrivfoto tekne av Firda-journalistar før streiken, er kredietere i torsdags- og fredagsavis, utan opplysning om at fotografene no er i streik.

Hilde Genberg, Klubbleiar Firda.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING