Redaktørtilsetjinga i Firda

(27.09.03) Kvar er lagånda i A-pressen, spør Hilde Genberg (biletet).

Hilde Genberg
Av Hilde Genberg, klubbleiar i Firda (biletet)

31. mai gjekk fristen ut for dei som vil vere ansvarleg redaktør i Firda. Framleis har ikkje klubbleiinga fått sjå søkjarlista. Ein kan undre seg over kvifor dette skal vere eit problem - spesielt i A-pressen.

Tvisteprotokoll
Etter å ha diskutert mykje og hardt med konsernleiinga utan resultat, såg ikkje klubben i Firda nokon annan løysing enn å skrive tvisteprotokoll den 20. juni. A-pressen ønskjer tydelegvis at klubbleiaren skal sitje på slutten av prosessen og seie ja eller nei til den kandidaten konsernleiinga meiner passar best. Eg meiner at tillitsvalde må vite kven som har søkt på ein jobb, for å vurdere kven som er den beste søkjaren.

  Eg kjenner meg lite igjen i det regiondirektør Jorulf Husbyn i A-pressen kallar ein konstruert konflikt i eit intervju i Journalisten. Han påstår at heile konflikten botnar i at vi er usamde om tidspunktet då eg skulle få informasjon. Eg minner om at det gjekk tre veker frå søknadsfristen gjekk ut og til tvisteprotokollen vart underteikna, og at Husbyn framleis ikkje har tenkt å røpe namna på alle søkjarane.

  Nokre dagar etter at søknadsfristen gjekk ut, kontakta eg regiondirektør Jorulf Husbyn og konserndirektør Mai Torill Hoel for å få vite kven som hadde søkt, slik at eg kunne gjere min plikt, nemleg å gi ei sjølvstendig vurdering, slik Hovudavtalen slår fast at tillitsvalde skal ved redaktørtilsetjingar. Teieplikta gav eg uttrykk for med ein gong at eg kjende og at eg sjølvsagt ville halde.

Kjennskap frå innsida
Eg meiner det er på sin plass at den tillitsvalde, som kjenner arbeidsplassen på kroppen på ein heilt annan måte enn det tilsetjingsmakta gjer, skal vere med i ein så viktig prosess. Dette gjeld spesielt når tilsetjingsmakta knapt har sett sine bein innanfor avishuset. Kanskje er det naivt, men eg meiner at konsernleiinga bør setje pris på at den tillitsvalde vil vere med og kvalitetssikre tilsetjinga, med min kjennskap til avisa generelt og arbeidsmiljøet spesielt. Det er ganske underleg at leiinga i A-pressen, som byggjer på arbeidarrørsla sine tradisjonar, skal ønske slik avstand til fotfolket.

  Men A-pressen har altså komme til at den beste måten å tilsetje ein redaktør på, er å køyre kandidatane gjennom psykologiske testar og intervjurundar, utan at den tillitsvalde er med på eit einaste møte med søkjarane. Faktisk bør ikkje den tillitsvalde ein gong få vite kven som har søkt, før valet er gjort og saka skal bli handsama i styret.

  Korleis kan dei meine dette? Jo, først vart eg møtt med at det var slik prosessen alltid hadde gått føre seg, og at mi rolle var å få eit møte med den personen som personalansvarleg Mai Torill Hoel hadde sett seg ut like før tilsetjinga skulle opp i styret. Seinare har konsernleiinga moderert dette, slik at eg no har fått vite namnet på eit par søkjarar som eg har gitt min vurdering av. I tillegg har eg fått vite talet på søkjarar som har blitt vurdert som uaktuelle. Men kven dei er, det anar eg ikkje.

Kravde konfidensialitet
Vidare argumenterte Hoel og Husbyn med at fleire av søkjarane sjølve hadde kravd full konfidensialitet, elles ville dei trekkje søknaden. Merkeleg haldning frå personar som ønskjer å vere redaktør, og argumentere for openheit alle andre stader, meiner no eg.

Men kva har desse søkjarane eigentleg bede om? Har dei vegra seg mot å få namnet sitt i avisene og i eteren? Ein slik haldning kan eg forstå, sjølv om eg ikkje set pris på den. Å få namnet sitt på trykk som jobbsøkjande kan falle i dårleg jord hos leiinga der dei jobbar i dag. Dessutan kan det ikkje vere kjekt å risikere å stå som einaste søkjar, dersom det er fleire søkjarar som, med lova i hand, krev å bli heldt utanfor offentlegheit.

  Har dei aktuelle søkjarane til redaktørjobben i Firda verkeleg sagt at dei ikkje ønskjer at klubbleiaren, som har teieplikt, ikkje skal få vite kven dei er, før prosessen nærmast er avgjort? Det har eg vanskar for å tru. Og dersom så skulle vere tilfelle, så har vedkommande gjort vegen kronglete for eit konstruktivt samarbeid med klubben i framtida. Eit slikt samarbeid byggjer på tillit, og ved å stengje tillitsvalde ute frå tilsetjingsprosessen har den potensielle redaktøren vist at han eller ho ikkje har tillit til meg.

Minstemål
Norsk Journalistlag har bede Mediebedriftenes landsforening om eit møte i slutten av august. Det er hovudorganisasjonane som avgjer om det er meg eller Husbyn/Hoel som har tolka Hovudavtalen feil. Dette kan setje standard for eit minstemål av tillitsvalde sin medverknad når det gjeld tilsetjingar av redaktørar i framtida.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING