Styremøte i Haugesund journalistlag 17. oktober 2005
Stad: Haugesund, SA-lokala, klokka 17.00. Til stades: Harald Nordbakken, Rosa Villalobos, Eli Osland, Thomas Førde, Nils-Tore Sele
1. Gjennomgang av referat frå sist styremøte ved skrivar Nils-Tore Sele.
2. London-seminar. Det vert ikkje noko av tur til London og tre dagars jobbeseminar. I staden vert det eit eitt døger langt jobbeseminar på heimlege trakter for å førebu Stord-seminaret i januar spesielt. Styret lufta ulike alternativ, både i Vindafjord, Sauda og Bømlo. Til slutt vart siste alternativ valt, grunna gunstigast pris. Aktuell seminar-dagar, vert måndag 21. november og tysdag 22. november. Medlemene i det nye HJ-styret skal frikjøpast til dette, dersom dei respektive arbeidsgivarar forlangar dette.
3. Førebuing av årsmøtet 27. oktober ved Hotell Maritim i Haugesund, klokka 18.00. Thomas Førde og Nils-Tore Sele samarbeider om utsending av påmeldingsmateriell/informasjon om årsmøtet til medlemene våre. Påmeldingsfrist for medlemene i høve middagen seinare på kvelden/overnatting på hotellet m.m., blir sett til måndag 24. oktober. Rosa Villalobos skal registrera påmeldingane. Hennar epostadresse blir brukt til dette. For ordens skuld gir HJ eitt glas vin eller mineralvatn til medlemene i samband med middagen etter årsmøtet.
4. Omtrent alle i det gamle styret i HJ har sagt ja til attval, utanom varamedlemene som vert byta ut. Thomas Førde er einaste som ikkje har gitt endeleg avklaring. Dette vil Harald Dale i valnemnda få fyrst frå han.
Denne opplysninga utløyste ein diskusjon om lokallaga si rolle i NJ kontra eit stadig sterkare apparat av konserntillitsvalde, og dei generelle arbeidsvilkåra for leiarane i lokallaga. Dugnadsinnsatsen i ein tid- og arbeidskrevjande leiarjobb i lokallaga er tøff. Generelt ynskjer styret i HJ at NJ sentralt får augo opp for kva lokallaga slit med, og gir oss betre arbeidsvilkår. Til dømes frikjøp/godtgjersle til leiar av lokallag.
5. Handsaming av forslag til endringar av Vær varsam-plakaten. Styret handsama fyrst uttalen frå klubben i Sunnhordland, og slutta seg prinsipielt til ordlyden om redaktøransvar/redigering på direkte medier som internett, chatteforum etc, spesielt.
Styret hadde dessutan ein stor diskusjon om forslaget om auka grad av identifisering i kriminalsaker m.m. Styret slutta seg til forslaget frå det NJ-oppsette utvalet om dette punktet. Prinsipielt meiner HJ-styret at den nye formuleringa må setja store krav til streng praktisering og sjølvjustis i dei ulike redaksjonar, slik at dette ikkje glir ut. HJ-styret reagerer også på formuleringa ”klanderverdig”, og ynskjer ei betre presisering.
Styret sluttar seg elles til forslaget til ny ordlyd i Vær varsam-plakaten når det gjeld redaksjonell omtale av sjølvmord.
Referat:
Nils-Tore Sele
Skrivar i HJ

