Referat frå styremøtet 22. februar

(27.03.06)

 

Onsdag 22. februar var det styremøte i Haugesund Journalistlag. Stad: Stavanger Aftenblad, Haugesund. Til stades: Thomas Førde, Eli Osland, Rosa Villalobos, Bjarte Amble og Nils-Tore Sele. Harald Nordbakken og Jane C.S. Junger kunne ikkje mø¸ta.

Møtet byrja med referat frå Thomas Førde om opplegget for Hauststormen 2006, som i år blir frå 29.9. til 1.10. på Voss. Arbeidet med å førebu stor-arrangementet er godt i gang, og HJ er representert i hovudstyret ved Thomas Førde. Han informerte om kva som var oppe på eit styremøte på Voss nyleg.

I tillegg skal HJ ha medlemer i sving i underkomitear, som programkomiteen, der Odd Kristian Stokka og Svein Olav B. Langåker skal vera med. Andre som kan gjera ein innsats i viktige underkomitear og har sagt seg interesserte til det, er Silje Nåstad Svennevig og Rosa Villalobos.

Arbeidet er elles godt i gang med å samla inn lokalavtalar frå klubbleiarar i vårt område. Fagleg sekretær i HJ, Harald Nordbakken, skal halda trykket vidare her.

Stord-konferansen vart evaluert under styremøtet vårt. Styret er nøgd med gjennomføringa, og gjekk ned på detaljnivå i vurderingane. Konklusjonen er at det vart eit vellukka arrangement på alle vis, med berre småting som treng forbetrast. Stord-konferansen har funne ei god form, og styret vil halda på at me startar opp på fredag med program for medlemene våre i små redaksjonar, det såkalla "Småbrukarlaget".

Styret i HJ er krye over at Stord-konferansen og opplegget vårt med denne blir lagt merke til sentralt i NJ. Me har fått fine tilbakemeldingar, og er stolte over at NJ-leiar An-Magrit Austenå var med oss under deler av tilskipinga i År.

Alt no har styret spikra at Stord-konferansen neste år blir skipa til 26., 27. og 28. januar 2007.

Styremøtet heldt fram med planlegging av årsprogrammet for HJ. Første punkt ut er tariffkonferanse tidleg i mars i Bergen. Rosa Villalobos representerer HJ-styret under konferansen.

Medlemsmøte med tillitsråd, blir skipa til 26. april. HJ-styret jobbar med eit aktuelt tema som blir kunngjort seinare. Får me det til som me ønskjer, vil dette bli kjempebra, er styret samde om.

Tidspunkt for Sommarfesten er også blitt bestemt. Styret bestemte seg for fredag 9. juni, vonleg før dei aller første reiser på ferie. HJ-medlemene kan alt kryssa av i kalenderen.

Styret handsama også ein førespurnad frå Haugesunds Avis om å vera med å skipa til ein ny konferanse om lokaljournalistikk i Haugesund. Eit interessant utspel, tykkjer styret, som meiner at engasjement frå vår side er avhengig av at dette blir lagt til eit tidspunkt av året der me kan vera med å arrangera. I tillegg ønskjer me meir informasjon om opplegget før me vil ta ei endeleg avgjerd.

Det kom elles ingen spesielle innspel på styremøtet utanom ein førespurnad frå Nils-Tore Sele om styret stundom kan treffast andre stader enn Haugesund. Som einaste sunnhordlending med fast plass i styret er det oftast han som må leggja ut på lang reise på landevegen. Leiar Thomas Førde og resten av styret er ikkje uviljuge til førespurnaden.

Referat:

Nils-Tore Sele

Skrivar i HJ

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING