Møre og Romsdal journalistlag
Referat frå årsmøtet på Åndalsnes, 31. oktober 2009:
Møteleiarar: Kristin Maridal, Sunnmørsposten, Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke
Referenter: Sindre Halkjelsvik, Sunnmørsposten, Pål Kristian Lindseth, NRK Møre og Romsdal
Lista med frammøtte delegatar vart gått i gjennom og årsmøtet konstituert.
Innkallinga til møtet vart godkjent etter at leiar Bjørn Steinar Skarbø forklarte grunnen til at innkallinga var komen seint til nokre av redaksjonane.
For NRK Møre og Romsdal sin del gjorde dette at dei berre stilte med ein delegat. Årsmøtet understreka likevel at det er den enkelte redaksjon som må sørgje for å velje nok vara-delegatar i forkant av ei slik innkalling.
Årsmeldinga
Årsmeldinga vart gått i gjennom og nokre endringar på oppføringar av tittel og verv på personar vart retta opp. Vidare vart det gjort disse endringane:
1:Til punktet om årsmøteordninga:
I samband med gjennomgongen av årsmeldinga vart årsmøteordninga drøfta. Dei siste åra har journalistlaget kvart anna år halde årsmøtet i samband med den regionale konferansen ”Hauststormen”. Leiar delte sine erfaringar omkring dette.
Han viste til at sidan ordninga vart innført har antall møtte delegatar ligge mellom 20 og 40 personar. Brorparten av desse er studentar frå medieutdanninga i Volda, fortalde leiaren. Delegatar i møtet meinte dette var lite med tanke på dei mange mediebedriftene i fylket, og viste til at det var langt større oppslutning tidlegare. Det vart fremja ei viss uro i årsmøtet for at den nåverande ordninga var årsak fråfallet til årsmøta i laget.
Leiar fremja eit forslag til vedtak:
Årsmøtet i Møre og Romsdal journalistlag vedtar at årsmøtet i laget skal haldast i Møre og Romsdal.
Vedtak: Forslaget vart godkjent utan røyster i mot.
2:Til punktet om nedbemanning:
Sunnmørsposten viser til at AFP-/sluttpakkeordning har ført til at 2 redaksjonelle medarbeidarar er borte, og ikkje er erstatta. I NRK Møre og Romsdal er det ein liknande situasjon. Redaksjonskomiteen forfatta dette forslaget til endring i årsmeldinga:
Gjennom året er det gjort nedbemanningar i Sunnmørsposten med to stillingar, og i NRK Møre og Romsdal med ei stilling. I større grad enn før unnlèt ein å fylle vakante stillingar som ei følgje av permisjonar, sjukemeldingar etc. med vikarar. Noko som fører til auka press på faste medarbeidarar.
Årsmøtet vedtek årsmeldinga med desse endringane.
Møre og Romsdal journalistlag sitt årsrekneskap
Ein av revisorane, Knut Romestrand, peikte på ein mangel ved revisjonsrapporten.
Dei to valde revisorane Knut Romestrand og Alf-Jørgen H.Tyssing har ikkje greidd å halde kontakten i arbeidet. Det har vore vanskeleg å møtast og berre Romestrand har signert rekneskapen som vart lagt fram for årsmøtet. Alf-Jørgen H. Tyssing har heller ikkje møtt til årsmøtet og Romestrand frykta at årsmøtet ville gjere ein formell feil ved å godkjenne rekneskapen med berre ein revisor. Romestrand bad årsmøtet om å tenkje på dette ved val av revisorar i framtida, og legge til rette for at revisorane kan møtast utan å måtte reise over store avstandar.
To forslag vart lagt fram av delegatar i møtet:
1. Årsmøtet kan vedta å godkjenne rekneskapen med ei underskrift.
2. Årsmøtet skyv godkjenninga av årets rekneskap til neste årsmøte.
Etter ei prøvevotering vart det bestemt å stemme kun over forslag nummer ein.
Årsmøtet kan vedta å godkjenne rekneskapen med ei underskrift.
Vedtak: Forslaget godkjent mot ei stemme.
Vedtektene til laget
Nestleiar i laget fremja eit forslag om at Møre og Romsdal journalistlag sine vedtekter skal ha ei målform, og at denne målforma vert nynorsk.
Årsmøtet vedtar å kun nytte nynorsk i vedtektene til Møre og Romsdal journalistlag.
Vedtak:
Godkjent med 12 mot 7 stemmer.
Etter denne avgjerda vart vedtektene saumfart av årsmøtet og det vart gjort til dels store endringar. Etter handsaminga av vedtektene har laget no 14 § mot tidlegare 12.
Dette skyldast i hovudsak at nokre av paragrafane vart delte opp for å gjere forståinga betre og for å rydde opp i dei tema paragrafane omhandlar. Mest diskusjon var det rundt §5 i vedtektene. Denne paragrafen omhandlar at styret i laget framover skal ha fem medlemmer. Tidlegare har det vore sju medlemmar i styret. Styret hevda at dette vil gjere avviklinga av styremøte enklare, og at fem medlem godt nok dekker breidda i laget. Denne endringa vil ikkje tre i kraft før ved valet i årsmøtet 2010. Årsaka er at Norsk journalistlag sentralt må godkjenne ei slik nedbemanning.
Ut over denne paragrafen er endringane kosmetiske.
Vedtak:
Årsmøtet godkjenner dei nye vedtektene utan røyster i mot.
Hauststormen eller Hellkonferansen
Følgjande forslag vart fremja for årsmøtet:
Årsmøtet i Møre og Romsdal journalistlag vil avvikle det nåverande samarbeidet med Hauststormen, og i staden søkje samarbeid med Hellkonferansen. Den nye konsernmessige tilknytinga til eit fleirtal av avisa i fylket gjer dette naturleg. Voss og Bergen ligg dessutan geografisk verre til enn Trondheim/Stjørdal.
Dette forslaget vart fremja av : Svein Bjørnerem, Marit Heiene, Ragnhild Bakke, Bjørn Brunvoll, Iver Gjelstensli, Gjermund Kjøpstad, Bjørg Irene Hovde, Anita Vingen, Vera Henriksen Sæter, Renate Bævre Gilde, Torill Skuseth – alle Romsdals Budstikke. Ellinor Rørvik Lothe, Åndalsnes avis
Det vart mykje diskusjon rundt dette emnet. Mange framlegg hevda at Hellkonferansen var eit langt betre tilbod til laget sine medlemmar. Andre la vekt på at det var lagt ned mykje arbeid i samband med regionkonferansen Hauststormen og at det kan vere mogeleg å arrangere denne i vårt fylket med tida. Det var ingen av dei som kjende best til dette samarbeidet som møtte i årsmøtet. Diskusjonen vart derfor tidvis antydande og lite faktabasert. Leiar leste endatil ein mail sendt frå ein tilhengar av Hauststormen opp for årsmøtet, slik at båe sider skulle kome til orde.
Årsmøtet var klar på at forslaget måtte endrast før avstemming. Denne endringa vart foreslått av møteleiarane og vart godkjent av forslagstillarane:
Årsmøtet i Møre og Romsdal journalistlag vil avvikle det nåverande samarbeidet med Hauststormen, og i staden søke samarbeid med Hellkonferansen.
Vedtak:
Forslaget vart godkjent med 13 mot 9 stemmer. Ein delegat unnlèt å stemme
Val
Leiar: Kjell Ove Holsbøvågfrå Tidens Krav vart ny leiar i laget. Leiaren er valt for eitt år
Styremedlemmer: Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet (nyvalt), Sindre Halkjelsvik, Sunnmørsposten, Anders Hagen, Åndalsnes avis(nyvalt), Olaug Bjørneset, NRK Møre og Romsdal, Sissel Helen Kvalvik, NRK Møre og Romsdal, Siv Storløkken, Aura avis. Styremedlem er valt for to år.
(Dei tre sistnemnte er på val neste år. Olaug Bjørneset er for tida i svangerskapspermisjon og Sissel Helen Kvalvik har permisjon frå redaksjonen pga studium i Oslo.)
Varamedlem: 1.Høgskulen i Volda, 2.Magne Lillegård, Driva, 3. Øivind Bjørshol, Tidens Krav, 4. Arne Rovick, TV2, 5. Arnfinn Mauren, Aftenposten
Revisorar: Karl Johan Vatne, Sunnmørsposten, Jan Røe, Romsdals Budstikke
Utsendingar til NJ-landsmøte: Kjell Ove Holsbøvåg, Bjørn Steinar Skarbø, Sindre Halkjelsvik, Siv Storløkken, ein repr frå Høgskulen i Volda
Valet til alle verv vart gjort av eit samrøystes årsmøte.
Ny valkomité: Leiar Eric Utheim, Tidens Krav, Karl Petter Løvold, Sunnmørsposten, Marit Heiene, Romsdals Budstikke
Oversendingsforslag
Det vart gjort vedtak om å sende følgjande forslag til det nye styret.
Årsmøtet i Møre og Romsdal journalistlag (MRJ) ser med uro på mediebedrifter som ikkje følgjer lover og reglar i arbeidslivet. Dette gjeld særleg i enkelte mindre redaksjonar, som ikkje har skrivne arbeidsavtalar eller avlønnar sine medarbeidarar på ein anstendig måte. Journalistar, både organiserte og ikkje-organiserte, blir påførd ei ekstra tyngd ved å kjempe aleine for sine rettar. Årsmøtet i MRJ pålegg styret i tida som kjem å følgje nøye med på situasjonen i desse bedriftene. MRJ må bidra til at NJ sentralt engasjerer seg sterkare for å følgje opp og løyse uhaldbare tilhøve. (Styret må også vurdere om enkelte saker skal meldast til Arbeidstilsynet.)
Vedtak: Forslaget godkjend mot ei stemme

