Sakliste tillitsrådet 15.desember 2008.
v Landsmøtet i Norsk Journalistlag, kva saker er viktige for Sogn og Fjordane?
v Medlemskriteriane i NJ,- skal ein opne opp for fleire yrkesgrupper?
v Kursverksemd i NJ- kva kunnskap treng dei tillitsvalte?
v Aktiviteter i 2009-kva skal fylkeslaget drive med det neste året?
Landsmøtet i Norsk Journalistlag, kva saker er viktige for Sogn og Fjordane?
Journalistar med høg utdanning må takast betre vare på, meiner Anne-Mari Tomasgard. I dag får ikkje desse god nok uttelling
for utdanning si. Tillitsrådet meiner NJ må ta opp saka og ber leiar skrive ein resolusjon til landsmøtet.
Sigrid Heggestad peiker på desentraliserte kurs og viser til eit kurs som var i Nordfjord for nokre år sidan. Dette treng
vi meir av, meiner Heggestad.
Medlemskritiriane i NJ,- skal ein opne opp for fleire yrkesgrupper?
Skal vi mjuke opp medlemskriteriane i NJ og la grupper som jobbar i randsonene få lov til å vere med? I ei tid med stadig
fleire jobbar innan media er dette eit meir og mei rakutelt tema som generalsekeretæren i NJ vil ha ein ny gjennomgang av.
Skal personar som ikkje følge Ver varsam plakaten få lov til å vere NJ-medlem? Terje Gilleshammen peikte på at dette vil i
så fall vil vere med på å utvanne den journalistiske integritetet vår.
Dag Frøyen. Leiar meiner også at vi ikkje skal trakte etter dei som jobbar i gråsona og må heller halde oss til den smale
sti. Tillitsrådet er einige i at vi ikkje kan løyse på kriteria.
Kursverksemd i NJ- kva kunnskap treng dei tillitsvalte?
Når det gjeld NJ, er kursing i forhandlingsmøte osv, flott, meiner dei to tillitsvalde som møtte. Men samstundes får Dag Frøyen
og Sigrid Heggestad i sine konsern ein del kursing i tema dei treng kunnskap om. Då er det heller viktig at dei tillitsvalde
frå dei andre avisene som ikkje møtte og som ikkje er med i konsern, kanskje treng kurs.
Elles er tillitrådet einige om at alle kurs er bra, og det er einighet for å dele året inn i tre med kurs/samling i kvar region.
Aktiviteter i 2009-kva skal fylkeslaget drive med det neste året?
Erlend orienterte om kva aktivitet laget planlegg neste år. Ei fast småavissamling er noko av det som står på planen, dette
planlegg vi å få til som ei fast hending kvart år saman med Møre og Romsdal.
Anne -Mari Tomasgard hadde ansvaret for samling og ga ei orientering om opplegget for samlinga som fann stad i november i
Hornindal.
Ei debattsamling står også på menyen i løpet av 2009, og dette er tenkt i Førde. Tema som Helse Førde og media si dekning er eit aktuelt tema som blei drege fram. Fotokurs er også interessant.
Vårseminaret er tenkt i Nordfjord. Kanskje opera på alle medlemmene også?
Elles pendla samtalen også innom haustseminaret og litt kva ein kan ha på menyen då. Kanskje fotballkamp på Fosshaugane i
Sogndal og sportsjournalistikk som tema?

