Rett vest og Hauststormen

(10.02.04) Rammene for aktiviteten i 2004 er no lagd. Dei faglege høgdepunkta blir vårseminaret Rett vest i Florø, vestlandskonferansen Hauststormen i Bergen og årsmøte i Florø.

24-25. april er det klart for Rett vest i Florø for tredje gong i historia. Går alt etter planen vil inspirasjon, kreativitet og motivasjon vera tema på Quality Maritim Hotel. Me vil prøva å leggja opp samlinga på ein litt alternativ måte. Meir informasjon vil de få når det nærmar seg.

Hauststormen i Bergen har også vorte ein klassikar. Det er no sett ned ein hovudkomite som skal arbeida intensivt for å få til ein fagleg god konferanse. Tidspunktet er ikkje endeleg fastlagd, men det kan bli siste helga i september. Årsmøte blir lagd opp som ei kveldssamling i Førde, mest truleg andre helga i november. Tillitsråda er tenkt kombinert med vårseminaret og årsmøtet.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING