Rettningslinjer for individuell vurdering

(27.09.02) Retningslinjer for klubbleiarar og tillitsvalde i NRKJ i samband med individuell lønnsvurdering. Alle klubbleiarar har fått tilsendt dette dokumentet.


Les avtaleteksten før prosessen med individuell vurdering byrjar i din redaksjon (http://www.nj.no/nrkj/avtaler/ja2002.htm)

Alle journalistane skal vurderast. 1/3 får pengar. Av desse får 1/3 10.000 kroner og 2/3 5 000 kroner.

Dette er ikkje drøfting og ikkje forhandlingar. Altså er det ikkje anke eller klage-rett på tildelinga. Leiinga vurderer og tildeler.

Vår jobb er å kome med innspell og påverke vurderinga og vere vaktbikkje i prosessen.

Tildelingane frå 1/3-potten går til dei som har ytt ekstra mykje det siste året. Alle andre får lønnstillegg i dei sentrale forhandlingane.
Prosedyren:

Det skal vere to møter mellom leiinga og klubben. Eitt før vurderinga og tildelingane, og eitt etter tildelingane (dette er heimla i avtalen).
Det er ikkje forbode å ha uformell kontakt før og under prosessen!
Klubbleiar og ein annan person frå klubbstyret bør delta på møta. To hovud tenkjer og hugsar betre enn eitt.

I første møte må partane:
Definere grensene for eininga
Kven skal tilhøyre eininga?
Partane må sjå til at vurderingane blir gjort ut frå det siste året
Sjå til at også dei som har gått ut i permisjon i perioden blir vurderte
Diskuter kva som er viktig å honorere i år
Diskuter om nokre kriterier skal vektleggast spesielt denne gangen

I andre møte:
Leiinga presenterer resultatet.
NRKJ kan kreve individuell vurdering.
NRKJ påpeikar evnt. manglar i forhold til det som blei tatt opp på første møte.

Kriterier:
Vurderingane skal baserast på seks kriterier som er heimla i avtalen
Faglig dyktigheit
Sjølvstendigheit
Arbeidsprestasjon
Multifunksjonalitet
Resultat i henhold til fastsette mål
Endringar i arbeidsoppgåver eller ansvarsområde

Utjamning?
Den nye avtalen seier at journalistar i NRK skal ha individuell lønn. Altså skal lønna variere frå person til person. Teksten seier ikkje noko om at alle skal ha fått tildelingar frå 1/3-potten i løpet av tre år. Klubbar kan likevel argumentere for at den som ikkje fekk i fjor, skal ha i år osb. Fleire enn dei som får oppfyller kriteria. Derfor mogleg å prioritere utjamning på sikt. Men hugs: Dei seks kriteria ligg til grunn for vurdering og tildeling!

Habilitet:
Det kan oppstå situasjonar i møte med leiinga der namn på klubbleiar og/eller andre som representere klubben i møte med leiinga, dukkar opp.
Kvar enkelt er då nærast til å vurdere sin eigen habilitet.
Det er ryddig å la ein annan representant frå klubben overta den delen av samtalen med leiinga.

Offentligheit:
Lønn er ei privat-sak
Klubbleiar og klubbstyret blir kjent med kven som får og kor mykje dei får, mellom anna for å kunne spele ei rolle ved tildelingane neste år.
Desse har eit særskilt ansvar for å vise diskresjon. Tildelingane skal ikkje offentleggjerast, verken av leiinga eller klubben.
Prosedyren på dette området kan samanliknast med klubben si rolle ved tilsettingar; Ein har informasjon og opplysingar, men kringkastar den ikkje.

Bruk hovudet og sunn fornuft!

Er du i tvil? Ring NRKJ-kontoret

NRKJ-leiinga, september 2002

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING