Til no har korrespondentane fått refundert/betalt utgifter til bupel etter rekning. Heretter får dei som er ute ein fast sum
og sjølv ansvar for å betale utgiftene til hus. Vi var skeptiske til omlegginga, men fekk inn styringsmekanismer som gjer
at skepsisen mildna. Det var også viktig for oss at barnetillegget ikkje blei fjerna, slik NRK insisterte på i forrige forhandlingsrunde.
I hovudsak er dei økonomiske ytingane som før, men ein må no betale 10 prosent eigendel på utgifter til skule og språkundervising. Det er innført eit etableringstilskot som alle korrespondentar får når dei skal reise ut. Det er også nytt at deler av beløpet korrespondentane får, no blir rapportert til skattestyresmaktene. Dette må NRK gjere for å følgje lover og reglar.
Ellers er det gjort mindre endringar i teksten. Partane er også samde om at arbeidsmiljøet og arbeidsmengden til korrespondentane skal kartleggast. Det var svært viktig for NRKJ å få gjennomslag for ei slik undersøking.
I protokollen heiter det: I forbindelse med avtaleinngåelsen er partene enige om at utenriksredaksjonen og personalstab i NYDI, i samarbeid med HMS-avdelingen i NRK, skal gjennomføre en kartlegging av korrespondentenes arbeidssituasjon (arbeidsmiljø, arbeidsbelastning m.m.) innen utgangen av 2004.
Gunnar Myklebust og Jan Espen Kruse frå utanriksredaksjonen har bistått NRKJ-leiinga i forhandlingane om revisjon av korrespondentavtalen. Begge har erfaring som korrespondent, og Jan Espen byrjar også som korrespondent i Washington i august.