Søk gravestipend no

(14.08.07) Lyst å skaffe deg kunnskap, ta eit kurs, grave i arkiv eller gå på jakt etter journalistiske funn? Sogn og Fjordane journalistlag deler ut 15000 kroner til den journalisten som har den beste gravesøknaden. Send søknaden din i dag.

I 2006 delte Sogn og Fjordane journalistlag ikkje ut presseprisen. Ingen journalistar frå redaksjonane i fylket vart sendt til gravekonferansen SKUP i 2007.

Journalistlaget ønskjer å setje fokus på, og gi sjansen til å drive gravejournalistikk i Sogn og Fjordane.

Difor lyser vi no ut eit gravestipend på 15000 kroner som vert delt ut på årsmøtet vårt i oktober.

Stipendet kan du bruke til å skaffe deg kunnskap, ta eit kurs, kjøpe fridagar for å grave deg ned noko eller grave etter noko.

Skriv ein grundig grunngjeving for din søknad og motivasjon for å grave. Søknaden sender du til stian.sjursen@firda.no innan 15.september.


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING