SKUP-fritt fylke

(13.04.07) Les Georg Arnestad sin kommentarartikkel om journalistane i fylket.

Denne helga er norske journalistar frå heile landet igjen samla i Tønsberg. Det er SKUP-tid. «Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse», SKUP, skipar til sin årlege konferanse. Høgdepunktet er utdelinga av SKUP-prisen for 2006; «Norsk presses pris for fremragende undersøkende journalistikk.» 52 prosjekt er leverte inn, og konkurrerer om den høgthengjande graveprisen i norsk journalistikk. Ingen av desse er frå Sogn og Fjordane.

Våre lokale massemedia er altså på nytt fråverande. Men lat gå at det i SKUP-prisens 16-årige historie knapt har vore innmeldt noko bidrag frå Sogn og Fjordane. Det betyr berre at dei lokale medias sjølvvurdering, når vi skreller av journalistiske fraser, er som ho skal vere. Rett nok fekk Erik Stephansen i Firdaposten eit SKUP-diplom i 1993 for sin innsats i den såkalla Svardal-saka, der det blei sett kritisk søkjelys på påstandane frå og kompetansen til politiet ved ei brannetterforsking i Florø. Men sidan har det vore taust.

Det mest oppsiktsvekkjande er likevel ikkje mangelen på nominerte SKUP-bidrag frå fylket. Betydeleg verre er det at absolutt ingen journalistar, redaktørar eller andre mediefolk herifrå har meldt seg på til årets rekordstore SKUP-konferanse. Dessverre er dette slik det plar vere. Eg veit ikkje kvifor. Men eg vel å tolke det i verste meining: Våre lokale mediefolk er heilt uinteresserte i undersøkande og kritisk journalstikk. Gravinga lèt dei utstå til hagearbeidet byrjar om ein liten månad.

No er Sogn og Fjordane likevel indirekte tema på SKUP-konferansen når «Gravingen i det ganske land» skal drøftast laurdag ettermiddag. I konferanseprogrammet vert denne posten introdusert med det enkle, og uomtvistelege, faktum at «i fjor var det ingen verdige kandidater til den lokale journalistprisen i Sogn og Fjordane.» Året før gjekk derimot prisen, for andre gong, til min favorittjournalist her i fylket, Katrine Sele. Sist helg var så eit 50-tals journalistar samla til vårseminar i Førde. Og av alle ting hadde det lokale journalistlaget ei knapp veke før årets SKUP-konferanse «harryjournalistikk» som tema. Sjølvsagt berre med mediefolk som innleiarar. Slikt kjem det sjeldan noko godt ut av. Journalistar er framleis mellom dei yrkesgruppene der den indre servile laugstanken står usedvanleg sterkt. Sjølvinnsikta er det smått med i slike krinsar. Det same gjeld redaktørane. Dei tek aldri feil.

Vårseminaret i Førde var forresten meint å dele ut eit lite «gravestipend» på kr 15.000. Men i følgje lokallagsleiar Jon Sørland, var det ingen søknader som trefte det «vi hadde håpa på når det galdt den lokale, gravande og kritiske journalistikken». Så dårleg står det altså til med journalistisk gravevilje og gravekompetanse. Ingen journalistpris i fjor. Ikkje noko gravestipend i år. Kva i all verda fyller dei tida, sidene, radio og TV med, dei mange, og stadig fleire, mediefolka her i fylket?

Og kven er det eigentleg som sviktar? For det er heilt opplagt svikt ein eller annan stad. Er det redaktørane? Journalistane? Eigarane? God og kritisk journalistikk krev ressursar, dyktige og inspirerande redaktørar, kritiske og handverksgode journalistar. Og det krev mediefolk som ikkje går i eitt med den lokale og regionale økonomiske, politiske og kulturelle eliten. For sjølvsagt ligg også problemet her. Like sjølvsagt som ingen redaktør vil vedgå dette. Manglande ressursar, seier dei. Ja vel. Men sjå litt på rekneskapsresultata til Firda og Sogn Avis. Og tel talet på journalisthovud i NRK Sogn og Fjordane. Skam dykk, seier eg.

Sogn og Fjordane er eit jomfrueleg terreng, nærmast eit eldorado, for undersøkjande og gravelystne journalistar. Rett under overflata byr kjeldene opp til dans. Så kven tek utfordringa, og gir oss ein SKUP-pris? Skal vi seie innan 2013?



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING