Unikt høve
Ein epostrunde til klubbleiarane i fylket og ein gjennomgang av lista over påmelde journalistar til SKUP syner at det er svært få journalistar frå Sogn og Fjordane som skal på SKUP. Dette gjer SKUP-leiar Håkon Haugsbø skuffa.
- Dette er eit unikt høve til å hente lærdom, kontaktar og inspirasjon på nordens største konferanse for undersøkande journalistikk,
seier han.
| 4 frå Sogn og Fjordane NRK Sogn og Fjordane betaler for ein journalist men let fleire få reise om dei betaler sjølv. BT sender ein journallist frå fylket. I tillegg er to av Firda sine journalistar inviterte til konferansen for å halde foredrag om sitt arbeid med ambulansesaka. Utan om desse har Sogn og Fjordane journalistlag ikkje fått melding om andre frå fylket som skal delta på SKUP. |
SKUP-leiar Håkon Haugsbø |
- Kva er det med Sogn og Fjordane? Kvifor er redaktørane der meir bakstreverske og gnitne enn elles i landet? Er det fordi dei sjølve ikkje har røynsle med å drive god undersøkande journalistikk, og ikkje ser verdien i å la journalistane sine bli gode på det, spør SKUP-leiar Haugsbø.
Manglande interesse
Rett nok er det ein betring frå 2007 då ingen av redaksjonane i Sogn og Fjordane sende journalistar til konferansen som vert arrangert i Tønsberg.


