Sak etter sak

(28.06.05) Arbeidsretten, lønnsforhandlingar, nedbemanning og gravide vikarar. Sakene har vore mange og dagane har gått fort.

I desse dagar legg vi første halvår av 2005 bak oss. Her på NRKJ-kontoret har desse månadane forsvunne i ein fei.

Vi la lista høgt allereie i januar. Då sa styret at 2005 skulle vere det store klubbleiar-året. Vi satsar på klubbleiarane med målretta kurs innan konflikthandsaming og retorikk. Vi har også hatt samlingar der det har vore tid til uformell kontakt og samtale mellom tillitsvalde. Slike samlingar er viktig for å utveksle erfaringar, idear og tankar.

NRKJ-styret og vi i den daglige leiinga har handsama ei lang rekke saker dei seks første månadane i år. Vi har oppnådd gode resultat for enkeltpersonar og for grupper av tilsette.

Vikarsaka i Bergen blei løyst på nyåret og vi har diskutert vikarbruk generelt med NYDI. Målet er at dette skal ende i felles retningslinjer for bruk og handsaming av vikarar. Vi vann over NRK i Arbeidsretten i saka om opphavsretten. Ei sak om etterbetaling av eit tillegg på distriktskontoret i Trøndelag blei forlikt før den kom til endelig handsaming i Arbeidsretten.

Så kom april og årets lønnsoppgjer. Vi forhandla fram 10.500 kroner til alle. Eit godt resultat!

Nedbemanninga i Faktaavdelinga som starta i fjor haust har kravd mykje ressursar også i år. Det har vore ei lang og tung tid for våre medlemmar. Men dei som blei overtallige kan ta ferie og slappe av. Overtalligheita er trekt tilbake og dei har jobb framover. Vi har også brukt mykje tid på nedbemanninga i Kulturavdelinga. Vi håpar det blir gode løysingar for våre fire medlemmar der.

Prosessane i Fakta og Kultur har ført til mykje smerte, støy, sinne og frustrasjon. Det er unødvendig. For både NRK og vi tilsette har lang erfaring med nedbemanning. Men av ein eller annan grunn kom desse prosessane feil ut. Dette har vi tatt opp med leiinga. Her har vi felles interesse og vi håpar å ta opp igjen temaet etter ferien.

Desse månadane har vi hatt gleden av å møte mange medlemmar frå Karasjok i nord til BuTeVe i sør. Vi har reist mykje og fått mange innspel. To ting går igjen: praktiseringa av medarbeiderplakaten og problem knytt til permisjon, intern mobilitet og vikariat.

Tilsette sine moglegheiter for å ta oppdrag utanfor NRK har vi tatt opp med kringkastingssjefen. Resultatet er omtalt her på nettsida vår. Når det gjeld mobilitet, vikariat og permisjon, så er det eit stort tema som vi har byrja å diskutere. Vi held fram etter sommaren. Mellom anna må organisasjonen vår ta ein diskusjon på om vi er tent med å eit så pass liberalt permisjonsreglement som vi har.

Haustsemesteret startar med ei samling for leiarane i journalistlaga i dei nordiske allmennkringkastarane. Så går det slag i slag. Lønnsrapporten skal ut på høyring, vervekampanje, fleire kurs for klubbleiarar og årsmøte er noko av det organisasjonen vår skal gjennomføre før julefreden igjen senker seg over kringkastinga og journalistlaget.

God sommar!

Leif-Kjartan Bjørsvik                                  Pål Hansen
Leiar                                                      Nestleiar

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING