Saknar NRK

(07.06.06) - Det er utruleg interessant å stå på stand, utbryt Agnes Moxnes. Etter fleirfoldige timar utanfor Nationalteateret i Oslo er konklusjonen at dei fleste saknar NRK.

Av Kjetil Hovland

 

- Eg er blitt utruleg flink til å dele ut løpesetlar, seier Agnes Moxnes. Ho tel litt i hovudet og reknar seg fram til at ho må ha delt ut 300 stykke.

 

- Enkelte går i ein stor boge rundt oss. Så eg er blitt god på den der ”to-steg-bakover”-manøvren, seier Moxnes medan ho demonstrerer teknikken.

 

Mykje forståing

 

Dei streikande frå NRK si kulturavdeling har naturleg nok teke oppstilling utanfor Nationalteateret i Oslo. Samtidig står det kollegar på stands over heile hovudstaden.

 

- Vi møter mykje forståing, særleg når vi måler det store bildet om arbeidsgivarar som utnyttar folk si vilje til å strekke seg langt, fortel Linn Bolstad. Sjølv er ho tilkallingsvikar i kulturavdelinga på sjette året.

 

- Når folk får samanlikne med sin eigen situasjon, forstår dei litt meir. Ein tømrarlærling sa at begynnarløna i bransjen hans var på 450.000 kroner. Og vår, kva er den, 270.000 kroner? Eg trur det gjekk eit lys opp for han, fortel Bolstad.

 

Godt motteken

 

Nokre hundre meters spasertur oppover Karl Johans gate, på Egertorvet, står Eivind Molde og Erlend Kinn frå Dagsrevyen.

 

- No har eg berre ein løpesetel att, seier Molde, som føler seg godt motteken.

 

- Mange forstår oss, og det at vi har mindre løn enn dei andre. Folk kjøper det, fortel han.

 

- Eg har delt ut 150-200 løpesetlar sidan eg kom hit for nokre timar sidan, seier Erlend Kinn.

 

Debatt

 

NRK-veteranane får besøk av ein annan journalistveteran då Per Ståle Lønning frå P4 kjem innom standen deira.

 

- P4 har gått opp med 500.000 lyttarar dagleg, fortel Lønning, som førebur ein debatt om NRK i programmet Sytten Tretti, etter at Terje Svabøe har forsvart NRK i Dagens Næringsliv. Lønning var også på NRK-standen tidlegare på dagen for å lage eit streikeinnslag.

 

- Lønning spurte folk om dei sakna NRK. Det var tydeleg at han var ute etter dei som ikkje gjorde det, flirer Erlend Kinn.

 

- Men til gjengjeld spurde han Ingolf Håkon Teigene om det same, og då fekk han ja, fortel Kinn.

 

Redde for lisensøkning

 

Ved Nationalteateret fortel jentene at mange minstepensjonistar er redde for at lisensen skal auke dersom journalistane får gjennom vilja si.

 

- Men dei fleste saknar oss, seier Anne Marie Løkken.

 

Og på Egertorvet er det tomt for løpesetlar.

 

- Det følest godt å vere tom for papir. Eg lurer på kor vi skal vende oss for å få meir, seier Erlend Kinn.

 

Men på spørsmål om han er vant med å ha for lite, seier han:

 

- Eg skjøner kor du vil med det spørsmålet.
Idium webpubliseringWEBPUBLISERING