Saksutgreeing – årboka for Sogn og Fjordane
Under arbeidet med årboka for 2009 kom det opp ei problemstilling i kva grad Sogn og Fjordane Journalistlag kunne pålegge
tidlegare medlemar å levere bilete honorarfritt til Selja Forlag. Bakgrunnen var at Selja kontakta styret og ba om hjelp til
å legge press på tidlegare medlemer til å levere bilete til årboka 2009.
Styret var usikre på korleis vi skulle forholde oss til kravet frå Selja og ba om juridisk bistand frå Norsk Journalistlag
sine advokatar.
Konklusjonen deira var heilt overraskande at heile årbokavtalen var ugyldig, og at Sogn og Fjordane Journalistlag ikkje kan
inngå den typen kollektive avtaler på vegne av medlemane der honoraret går til laget.
Vi kontakta då straks Selja Forlag og varsla dei om dei juridiske åtvaringane vi hadde motteke og at dette ville få konsekvensar
for den moglege reforhandlinga av årbokavtalen som etter avtalen skulle skje etter ferdigstillelse av årboka for 2009.
Dette vart og gjenteke i eit møte mellom Selja Forlag, Redaktørforeninga og representantar frå styret i journalistlaget.
Bodskapen som vart framført til Selja Forlag var at dei sjølvsagt står fritt til å vidareføre årboka for 2010 men at dei då
må forhandle individuelt med kvar enkelt bidragsytar. Vidare kan ikkje eventuelle honorar gå til journalistlaget.
Avtalen som Sogn og Fjordane Journalistlag inngjekk for årboka 2008 var meint som ei midlertidig avtale. (Sjå vedlagt avtale).
Denne avtala vart reforhandla i juni 2009 med semje om å prøve eit år til med dei same betingelsane.
Sogn og Fjordane Journalistlag skulle difor uansett no gjennomført nye forhandlingar med tanke på ein eventuell avtale for
årboka 2010. Reint juridisk meiner difor styret at det er uproblematisk at avtalen med Selja Forlag ikkje blir vidareført.
Selja Forlag har heller ikkje stilt spørsmål rundt dette. Derimot har forlaget utrykt skuffelse over at årbokprosjektet står
i fare. Denne skuffelsen delar sjølvsagt styret i journalistlaget.
Også redaktørforeininga i fylket har utrykt forståing for at journalistlaget no vi avslutte samarbeidet.
Samstundes med dialogen med Selja Forlag vart alle våre utbetalingar av midlar frå årbokinntektene frosne. Styret har her
frivillig avstått frå styrehonorar i påvente av vidare juridiske vurderingar i saka, samt det ekstraordinære årsmøtet.
Styret har behandla denne saka i fleire styremøter og også hatt samtaler med dei andre partane i avtalen, redaktørforeininga
i Sogn og Fjordane og NRK Sogn og Fjordane.
Håpet var heile tida at vi skulle finne ein måte å organisere dette på som Sogn og Fjordane Journalistlag kunne stå inn for,
og som kunne føre til at ein avtale kunne vidareførast. Særleg har vi heile vegen meint at eit bortfall av årbokstipenda er
eit stort tap for journalistane i Sogn og Fjordane.
Men vi har ikkje funne ei løysing som styret i Sogn og Fjordane Journalistlag kan gå god for. Med dei tydelege signala frå
Norsk Journalistlag sentralt ser vi difor ingen annan utveg enn at Sogn og Fjordane Journalistlag må avslutte årbokprosjektet.
Innstilling frå styret:
Sogn og Fjordane Journalistlag avsluttar samarbeidet med Selja Forlag, NRK Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane redaktørforeining
om årboka for Sogn og Fjordane.
Laget vil i ein overgangsfase på eit år hjelpe Selja Forlag med å kome i kontakt med våre medlemer slik at det kan forhandlast
om individuelle avtaler. Denne bistanden vil strekke seg til å dele medlemslister og kontaktinformasjon med Selja Forlag,
men laget forpliktar seg på ingen måte til å aktivt selje eller forhandle fram avtaler. Eventuelle honorar skal heller ikkje
på nokon måte havne hos journalistlaget.
Styret vil i samarbeid med NJ finne ut kva laget skal gjere med dei midlane laget allereie har motteke for årboka fram til
2009. Dette blir lagt fram for endeleg vedtak på det ordinære årsmøtet som er planlagt i september 2010.
Styret i Sogn og Fjordane Journalistlag
Bent Are Iversen
Linda Regina Bruvik
Åge Senneset
Terje Gilleshammer

