Dei siste åra har NJ og NRKJ hatt situasjonen for mellombels tilsette som ei av dei høgst prioriterte sakene. NRK er den mediebedrifta som har flest vikarar og tilkallingsvikarar, og vikarsaker dukkar ofte som tema i klubbane. Mange klubbar har difor valgt å gje eitt av styremedlemmene særskilt ansvar for vikarar i avdelinga. For første gong møtest no desse for å utveksla erfaringar.
NRKJ ynskjer også å få innspel om kva vikarkontaktane meiner er viktige utfordringar i vikarpolitikken framover. Arbeidsmarknaden endrar seg stadig, og dermed også problemstillingane rundt mellombels tilsette.
Eit anna føremål med samlinga er å skulera og gjera vikarkontaktane endå dyktigare i sine verv. Med på samlinga blir m.a. advokat Knut Skaslien, som er ein av NJs spesialistar på vikar-jus.
Deltakarane får også møta NRKs personaldirektør for å diskutera vikarpolitikk.
Samlinga går over to dagar på Quality hotell på Gardermoen. Det gir også gode moglegheiter for hyggeleg samver og ”nettverksbygging” med andre vikarkontaktar.
Meld deg på ved å fylle ut skjema nedenfor.


