Semje mellom NAVO og NJ

(14.04.02) Fredag ettermiddag signerte Norsk Journalistlag og NAVO avtale som gjeld for dei to neste åra i NRK. Avtalen sikrar alle journalistar i NRK eit tillegg på 5362 kroner i året.

Denne summen, også kalla "samfunnspotten", tilsvarar det Fellesforbundet forhandla fram for sine medlemmer tidlegare i veka. Målet vårt er sjølvsagt å få på bordet mykje meir enn dette.

Avtalen som blei signert fredag omhandlar også moment som AFP-ordning, praktisering av den femte ferieveka og liknande. Når denne avtalen no er signert, er første runde av lønnsoppgjeret 2002 avslutta.

Neste runde startar måndag 15. april klokka 15. Då set NRKJ og NRK-leiinga seg til forhandlingsbordet og jobben med å få ut meir pengar startar. I tillegg vil vi gjere ein del endringar i teksten i Journalistavtalen. Dei lokale forhandlingane skal vere avslutta innan fredag 26. april klokka 16.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING