Send forslag til presse- og fotopris

(20.09.06) Vi inviterer no alle redaksjonar og frilansarar til å sende inn forslag til kandidatar til dei to høgthengande prisane til Sogn og Fjordane journalistlag.

Utlysing av pressepris og fotopris
Redaksjonane/frilansarane er med dette invitert til å sende inn forslag på kandidatar til dei to høgthengande prisane til Sogn og Fjordane Journalistlag:
 
* Presseprisen
* Fotoprisen
 
Påmeldingsfrist er 7. oktober.
 
Vedtektene ligg lett tilgjengeleg på www.nj.no/sfj.
 
Påmelding av kandidatar skjer til nestleiar i SFJ, Marit Bendz. (marit.bendz@c2i.net).
Kandidatar med grunngjevingar sender ein til Marit Bendz.
Aller helst skal underbyggjande avisartiklar, radioinnslag o.l. sendast elektronisk til Marit Bendz. Dersom ein til den aller ytterste nauden må sende avisutklipp, papirbilete eller VHS/DVD, må det vere i tre identiske eksemplar. Desse kan ein sende til Sogn og Fjordane Journalistlag, Pb 1065, 6704 Deknepollen.
 
Beste helsing
 
Geir Arne Solheim
sekretær og kasserer SFJ
Mob: 95751992
 


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING