Sigmund blei ikkje nestleiar i NJ

(13.05.03) Landsmøtet i Norsk Journalistlag valde Elin Floberghagen til ny nestleiar. Vår eigen kandidat, Sigmund Raanes, tapte altså kampen om vervet, men er ingen slagen mann!

Det gikk ikke min vei, men jeg har ikke gått inn i noen dyp depresjon! Jeg tapte for en god kandidat og da er ikke resultatet vanskelig å leve med! Jeg kommer til å samarbeide tett og godt med Ann-Magrit Austenå og Elin Floberghagen i tida framover også - både som NRKJ-leder og som nyvalgt medlem av Arbeidsutvalget i NJ, seier Sigmund Raanes.

På eitt tidspunkt var det fire kandidatar til vervet som nestleiar. Ein trekte seg og dermed måtte landsmøtet velje mellom tre kandidatar. Etter to valrundar var det klart at Sigmund hadde fått 61 stemmer, medan Elin fekk 81.

Vi i NRKJ-leiinga gratulerer Elin med vervet og ser fram til eit godt og nært samarbeid. Vi gratulerer sjølvsagt også Ann-Magrit med leiarjobben. Vi trur at desse to kjem til å gjere ein god jobb som leiarar for organisasjonen vår.

Sigmund Raanes, Eva Stabell og Leif-Kjartan Bjørsvik fekk plass i Landsstyret og skal representere NRK og etermediene på beste vis der. På første møte i det nye Landsstyret blei Sigmund også vald inn i Arbeidsutvalet. NRKJ er dermed godt representert i dei sentrale NJ-organa.
Idium webpubliseringWEBPUBLISERING