To restplassar
Rundt 50 av oss skal på vårseminar i Balestrand denne helga. Eg har fått avmelding på to stykker, så dersom du ikkje har meldt
deg på tidlegare er det plass no. Men då må du vere rask, og melde frå til meg i løpet av dagen. Desse har meldt seg på.
Kvifor avdekka ikkje vi Terra-saka?
Morten Hofstad frå Finansavisen, som deltek i Terra-sesjonen vår, fekk i helga utdelt SKUP-prisen for sitt avdekkande Terra-arbeid.
Vi er svært spente på denne delen av vårsamlinga, der også Bremangerordføraren Kåre Olav Svarstad, kommunerevisor Ingvar Linde
og journalist Åge Senneseth deltek. Håkon Haugsbø, SKUP-sjefen, har dessverre meldt avbod. Terje Gilleshammer leier sekvensen.
Korleis dekker vi Helse Førde?
Kanalredaktør i Firda Arild Nybø har sett litt på korleis vi dekker saker om Helse-Førde. I samme sekvens deltek Arve Varden som er direktør for
medisinsk klinikk i Helse Førde, redaktør i Fjordabladet Tormod Flatebø og redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane Rolf Sanne-Gundersen.
Blir det framleis årbok i Sogn og Fjordane?
I løpet av vårseminaret vårt blir det avklara om det framleis blir årbok i Sogn og Fjordane. Tillitsrådet vurderer saka på
fredag. Det ekstraordinære årsmøtet, som du er ein del av, avgjer saka laurdag ettermiddag. Vi skal då ta stilling til om
vi skal gjere avtale med Selja Forlag.
Korleis klarte Firda seg på SKUP?
På vårseminaret får du presseprisvinnarane frå Sogn og Fjordane, direkte frå SKUP-konferansen. Under den store gravekonferansen
førre helg fortalde dei korleis dei jobba med ambulansesaka i fjor. Dette føredraget får du høyre med Astrid Iren Solheim
og Svein Heggheim på vårseminaret.
Kven vinn Aldenstipendet?
Vi skal under festmiddagen laurdag kveld dele ut 70.000 kroner til journalistar som har søkt om Aldenstipend i år. Det er
komme inn sju søknader til dei fem stipenda.
Er Palmerevyen bra?
Vi har invitert Leikanger Mannskor til å gi oss ein smakebit frå Palmerevyen. Du kan glede deg til aktuelt revystoff om Terra-saka
under festmiddagen.
Kvifor er det eit så vakkert hotell i Balestrand?
Hotelldirektør Sigurd Kvikne tek imot oss før middagen, og viser oss til bords. På vegen får dei vite litt om det dei kallar
”Eventyrslottet ved fjorden.”
Laurdag 19. april - Program:
12.00 - 13.00 Lunsj
13.00 - 13.10 Opning m/info om lønsoppgjeret
13.10 - 14.10 Helse-Førde journalistikk
14.10 - 14.30 Slik jobba vi med ambulansesaka/SKUP-foredrag
14.30 - 14.45 PAUSE M/FRUKT
14.45 - 15.45 Ekstraordinært årsmøte om Årboka
15.45 - 16.00 PAUSE M/KAKE
16.00 - 18.00 Terra før, under og etter.
20.00 - Mottaking v/ Hotellsjef Sigurd Kvikne og Festmiddag m/Aldenstipend

