Tekst: Geir Arne Solheim
Journalistlaget inviterte tre personar som på ulike måtar har fått sjølvmord tett inn på livet. Gerda Frøyen miste sonen sin, Nils Petter Hauge jobbar med førebyggjing av sjølvmord og for å hjelpe etterletne og Katrine Sele har drive prisvinnande og seriøs journalistikk på emnet. Alle er dei samde om at Nettavisen gjekk over streken, men meiner like fullt at sjølvmord ikkje må teiast i hel som tema. Ein treng seriøst, journalistisk arbeid på feltet med ein nullvisjon som mål – ikkje lettvindt, opplagsaukande og spekulativ skildring av einskildtilhøve som i Jølster.
Seansen var svært omfattande og informativ og sjølvsagt eksklusiv for deltakarane på seminaret. Men oppmodinga går ut til alle journalistar – frykt ikkje problemstillinga, men ver varsam med omtale og ta eit standpunkt om kvar grensa går før du står der med ei sak.

