Sjekk fakta, Haugsbø

(01.04.08) -SKUP-leiar Håkon Haugsbø forsøker å framstille redaksjonelle leiarar i Sogn og Fjordane som gnitne idiotar. Også ein SKUP-leiar bør sjekke fakta, seier redaksjonssjef Rolf Sanne-Gundersen i NRK Sogn og Fjordane.

Også i år er det få deltakarar på SKUP-seminaret med bustadadresse Sogn og Fjordane. Håkon Haugsbø meiner det skuldast at redaktørane anten er gnitne eller at dei ikkje veit sitt og medarbeidarane sitt beste.

Matnyttig
-Eg var på SKUP-seminaret i fjor og veit at det er matnyttig og interessant. Ingen tvil om det, seier redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane.


Fire NRK-søkjarar
-Derfor var vi også innstilte på å sende ein representant frå vår redaksjon til SKUP i år. Vi lyste ut internt, fekk inn fire søkjarar om å delta, ein av dei får betalt reise, opphald og kursavgift for å vere med på SKUP i år. Vedkommande er den personen som har viste størst interesse for dette fagfeltet i vår redaksjon. Så kan Haugsbø gjerne kimse av at vi berre sender ein representant, betalt av NRK Sogn og Fjordane. Men ein av fire søkjarar er ikkje dårleg. Hugs også at vi er ein liten redaksjon med totalt 29 redaksjonelle medarbeidarar, fleire av dei er avviklarar eller i andre funksjonar, få nyheitsjournalistar, seier Sanne-Gundersen.

 

Prioriterer Hauststormen
- Eg vil også understreke at vi er samde med NRKJ-klubben lokalt om å delfinansiere deltakinga for alle som vil reise på Hauststormen, også det eit fagleg arrangement i regi av NJ og NR. Vi kunne ha prioritert annleis, sagt nei til hauststormen, ja til SKUP for fleire, det har ikkje vore eit ønske, seier Sanne-Gundersen.



- Haugsbø meiner redaktørane i Sogn og Fjordane er bakstreverske og gnitne, og dei kanskje ikkje har røynsle i å drive god undersøkande journalistikk, og derfor ikkje ser verdien i å la journalistane sine bli gode på det. Kva er din kommentar til det?

-Haugsbø har alltid hatt eit godt og tydeleg sjølvbilete. No har han i tillegg budd fleire år i hovudstaden, og då kan vi ikkje forvente at han skal ha respekt for kollegaer i mindre redaksjonar i utkant-Norge, seier Rolf Sanne-Gundersen.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING