![]() |
Arbeidet for å lage den største journalistkonferansen på Vestlandet starta opp i Bergen torsdag 30.august. Konferansen vert
arrangert i månadskiftet september/oktober 2008.
Stavanger også
Møtet tyder på eit stort engasjement for å lage ein enno større og betre Hauststorm i 2008. Denne gongen er også journalistane
i Stavanger invitert til å bli med.
Det er no sett ned eit styre som skal ha hovudansvaret for den største journalistkonferansen på Vestlandet.
Det nye styret
Stian Sjursen(Avisa Firda) vart leiar, Trine Hvamb(TV2) nestleiar og programansvarleg, Thomas Førde(Stavanger Aftenblad) er
infoansvarleg, Lena Kleveland(TV2) er ansvarleg for påmelding/hotell/hauststormskule, Odd Kristian Dahle(NRK) er økonomiansvarleg
og Kjell Jøran Hansen(NRK) er teknisk ansvarleg. Neste veke håpar vi at vi også har på plass ansvarleg for underhaldninga på
Hauststormen 2008.
Vil du lage storm?
Styret er no på leiting etter folk til programkomiteen og underholdningskomiteen. Har du lyst å bli med å lage Hauststormen
2008? Ta kontakt med stian.sjursen@firda.no i dag.
Arrangørar er Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening. Nettsida til konferansen kjem snart på www.hauststormen.com


