Haugesund Journalistlag har ikkje vore på seminar i Skånevik sidan 2001. Difor slo styret på stortromma og gav ei comeback-gåve til deltakarane. Litt å bita i og noko leskande å drikka på.
Ketil Heyerdahl frå sekretariatet i NJ opna det heile med å presentera resultatet frå ei ny spørjeundersøking gjort i småavisredaksjonar. 404 personar svara. Resultatet er så nytt at HJ-medlemmene er dei første som får høyra det. Undersøkinga stilte spørsmål av ulik art. "Korleis vil du karakterisera ditt lønsnivå?", "Har bedrifta tariffavtale?" og "Har du fått hjelp av NJ sentralt/lokallaget/klubben, i så fall: Kor nøgd var du?".
65 prosent svarar at dei har god/middels lokalavtale. 60 prosent hadde ikkje lokalavtale i det heile teke. "Kor god er leiinga til å handtera konfliktar?". Halvparten svarar at leiinga er dårleg. 1/3 er middels. Berre 11 prosent er gode. "Føler du deg pressa til å gå på arbeid sjølv om du er sjuk?". 1/3 svarar ja, 1/3 nei. "Kva slags NJ-kurs treng du?". Lover og avtalar er det som er mest etterspurt. Forhandlingar kjem på andreplass.
- Det som er mest interessant her er at det verkar som veldig mange er frustrerte over leiinga. Det skaper eit høgt stressnivå i høve til leiinga. Me må bli betre til å kursa tillitsvalde, seier Ketil Heyerdahl i sekretariatet.
- Altfor mange har ikkje lokalavtale, skyt nestleiar Kjetil Haanes i NJ inn.
I første omgang skal resultatet leggjast fram for landsstyret i NJ, og så skal det utarbeidast forslag til tiltak.
- Det vil forbausa meg om det ikkje vert meir kursing av tillitsvalde, seier Heyerdahl.
Etter denne seansen, var det frilandsjournalist Birgit Røe Mathisen sin tur til å presentera masteroppgåva si. Ho har komme heilt ifrå Bodø. Ho har sett på lokalavisene, og dei spesielle utfordringane lokalavisjournalisten møter i kvardagen. På den eine sida skal ein vera kritisk, på den andre sida forventar folk at ein spelar på lag.
Ho har lese fire nord-norske lokalaviser, og analysert 697 artiklar. Kven blir intervjua? Dei lokale elitekjeldene dominerer heilt klårt. Grasrota ligg berre på 13-18 prosent. Korleis vinklar avisa stoffet i forhold til lokalsamfunnet? Det er ingen tvil om at dagsorden er veldig patriotisk dominert. 50 prosent har positiv vinkling, 10 prosent har negativ. Ho fann lite konfliktstoff i avisene. Det ligg på mellom 15 og 24 prosent.

