- Det er §5 og §6 vi som politikarar må kunne best, for å halde mest mogleg unna journalistane. Det sa eg berre på fleip, altså, forsikra Svarstad, som vil vere med på å opne opp Bremanger kommune, gjestekommunen for fleirdagssamlinga til SFJ.
Lekkasje som våpen
sjølv nyttar Svarstad lovdata på internett for alltid å ha ein oppdatert versjon av offentlegheitslova tilgjengeleg.
Svarstad har også vore innom militærpolitiet i karrieren sin. Der lærte han å nytte seg av meiroffentlegheirsprinsippet på ein noko spesiell måte.
- Vi brukte ofte å lekke opplysningar for å få saker i gang og for å få folk litt nervøse. Dette hadde vi gode røynsle med, stadfesta Svarstad.
Kanskje vert det også eit våpen Arbeidarpartimannen vil nytte i framtidige budsjettdebattar i Bremanger?
Offentlegheit er ikkje alltid berre enkelt. Bremanger kommune hadde ein periode der næringsstøtte vart diskutert ope. Det førte til at politikarane fekk mangelfulle opplysningar då verksemdene måtte halde attende bedriftsløyndomar. No er slike saker lukka etter §6, noko som gjev politikarane langt betre innsyn i verksemdene dei skal støtte.
Svarstad har også vore med å få opna saker. Det kom ein kvalitetsrapport om Bremanger kommune som rådmannen ikkje tykkte mykje om, og gjorde den utilgjengeleg for ålmenta. Det var ikkje politikarane samde i, og skjelettet kom ut av skapet.
- Det var eit uheldig dokument for administrasjonen, men det var ingen argument for å lukke den, hevdar Svarstad.
- Media er til for demokratiet og for innbyggjarane. Dei sterke klarer seg alltid, men dei svake treng ofte hjelpemenn, til dømes gjennom media, meiner Svarstad.
- Kva vil du gjere for å få ting betre i Bremanger, då, spurte Jo Carlson i Fjordenes Tidende?
- Eg skal sitte på ryggen til rådmannen, lova Svarstad!
Geir Arne Solheim

