Skyter med haglegevær

(23.10.07) Er det eigentleg grunn til krisemaksimeringa? Kvifor skyt ein med hagle når ein skal rydde opp? NRKJ leiar Pål Hansen kravde klare svar då han opna årsmøtet.

- Eg forventar at Hans Tore Bjerkaas gjev oss svar og ikkje minst nyheiter når han står her på talarstolen.

Leiaren av NRKJ Pål Hansen, hadde sjølv ladda kanonen då han opna årsmøtet på Klækken. NRKs usikre økonomiske situasjon var hovudbodskapen frå talarstolen.

- Det er på tide vi får vite korleis det eigentleg er. Så langt har stillingsstoppen vore fullstendig mislukka. No krev vi at det ryddast opp og vert gjeve klare svar. Er det eigentleg grunnlag for denne krisemaksimeringa, spurde Hansen.

Ulik løn
Frå talarstolen nytta NRKJ leiaren og høve til å skryte til alle tillitsvalde for god assistanse i lønssamtalar det siste året.

- Men no må vi sjå vidare, utfordra Hansen.

Etter lengre diskusjonar om NRK sit lønssystem er det å tide for NRKJ å ta nye og andre diskusjonar, i følgje leiaren. Han krev no at det skal vere lik løn for eksterne og interne.

- Det er slik i dag at om du kjem utanfrå og får jobb i NRK, så er det fult mogeleg å gjerne få 45 000 meir på bordet. Søkjer du derimot internt, er det ingen ting å hente. Kvifor skal det vere slik? Kvifor ligg desse pengane der, fyrst når eksterne kjem inn, spurde Hansen?

- Eg har snoka i skattelistene dei siste dagane og funne ut at dersom du opprettar eit eksternt firma, så er det og mogeleg å dra inn mykje meir. Kanskje vi alle skal gjere det?

FOTO: Therese G Pisani



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING