Slapt kommentatorfylke

(26.09.03) - Journalistikken i Sogn og Fjordane er ufarleg og uinteressant fordi journalistane er feige.

Denne uredde påstanden var det Rolf Sanne-Gundersen (biletet) i NRK Sogn og Fjordane som kasta fram på Turtagrø, for å fyre opp ein gjeng baktunge og slappe skribentar og amatørfotografar.

98 prosent av journalistane i Sogn og Fjordane er feige. Av 120 medlemmar er det berre ei handfull som skriv kommentarar. Det er få som vil provosere og skape debatt. Det er ikkje redaktørane som er problemet. Dei skriv ofte saftige leiarar. Det er journalistane sjølve som er problemet, meiner Sanne-Gundersen.

  - Dette kjem av lite kunnskap og frykt for å skape reaksjonar. Ein fryktar også kollegaer. Dei er jo flinke til fort å dementere det andre meinar. Her i fylket driv ein dementijournalistikk, hevdar Sanne-Gundersen.

  - Det undrar meg til dømes at ingen tok debatten då Jarle Varpe ville legge ned alle gardsbruk i fylket. Det er tannlaust. Journalistane er for lite oppteken av samfunnsdebatten. Ein vil helst kommentere det som skjer frå sidelinja, fyrte Rolf Sanne-Gundersen laust.

Det kom lite reaksjonar frå salen.

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING