Slik gjekk årsmøtet

(30.10.05) Det offisielle referatet frå årsmøtet 27. okt.

Referat årsmøte i Haugesund journalistlag 27.oktober 2005

Stad: Møterom Stjernarøy, Hotell Maritim, Haugesund, klokka 1800. 15 frammøtte.

Leiar Thomas Førde innleia årsmøtet. Ingen hadde merknader til innkalling og sakliste. Thomas Førde vart vald til ordstyrar på årsmøtet. Nils-Tore Sele til skrivar.

Årsmeldinga vart utdelt til dei frammøtte. Thomas Førde gjekk gjennom denne punkt for punkt. Ei fyldig årsmelding oppsummerte eit aktivt og arbeidssamt 2005 for styret i HJ. Fleire utfordringar ventar i 2006. Mellom anna sviktande medlemstal. No er det berre 87 medlemer i laget. Dette må takast på alvor, og noko det nye styret må fokusera på framover. Årsmøtet påla det nye styret å jobba aktivt med dette. Ein jobb må også gjerast i dei ulike redaksjonsklubbane for å verva nye medlemer, og det må arbeidast målretta mot små redaksjonar der det er eit potensiale for å få fleire inn i HJ.

Med denne vesentlege merknaden vart årsmeldinga godkjent slik ho låg føre.

Årsmøtet heldt fram med gjennomgang av årsrekneskapen for 2005. Dette ved kasserar Eli Osland. Ingen merknader til årsrekneskapen, som også var godkjent på førehand av revisorane våre, med ros for god rekneskapsføring.

Neste punkt var gjennomgangen av dei nye vedtektene for HJ si verksemd. Thomas Førde gjekk gjennom arbeidet til vedtektskomiteen. Vedtektene vart samrøystes godkjende med berre små endringar på nokre få punkt.

Årsmøtet vedtok det sitjande styre sitt forslag til handlingsplan for 2006. Det ligg an til eit aktivt år. Mange utfordringar ventar. Mellom anna skal HJ vera med å skipa til Hauststormen i Bergen, går alt som føresett. Første viktige arbeidsoppgåve for det nye styret vert å førebu Stord-seminaret til HJ i januar.

Siste punkt under det formelle årsmøtet var gjennomføringa av val. Leiar Thomas Førde tok attval (1 år), Harald Nordbakken det same (2 år). Rosa Iren Villalobos blir også med to år vidare. Nils-Tore Sele tok attval (1 år), medan Eli Osland, kasserar, ikkje var på val. Nye varamedlemer er fylgjande: Bjarte Amble, 1. varamedlem og Jane Junger, 2. varamedlem. Sigmund Hansen og Ingvild Sjo gjekk ut som varamedlemer til styret. Harald Dale, leiar i valkomiteen gjekk gjennom denne delen av dagsorden.

Ny valkomite i 2006 blir: Harald Dale, Truls Horvei og Siri Handeland (ny). Revisorar i HJ er Kristine Sele og Arne Frøkedal.

Etter årsmøtet var gjennomført, heldt kvelden fram med debatt der Hans Hjellemo, redaktør i Kampanje, Lars Mæland, redaktør i Bladet Sunnhordland, Kjetil Skrunes, nettredaktør i Stavanger Aftenblad og Rune Hetland, Landslaget for lokalavisene, diskuterte framtida for papiravisene i forhold til internett.

Siste punkt på årsmøtet var velsmakande Tapas-middag ved restaurant Gallionen på hotell Maritim.

Referent:

Nils-Tore Sele

Skrivar i Haugesund journalistlag.






Denne mail har blitt scannet av http://www.virus112.no
This e-mail has been scanned for viruses by http://www.virus112.no






Idium webpubliseringWEBPUBLISERING