Snart klart for haustseminar!

(14.10.09) Sjå kva som står på menyen!

Hei!

No er det snart klart for årets haustseminar og i år er det Sogndal som står for tur.

Så langt har vi fått omlag 30 påmeldingar, men det er framleis råd å melde seg på. Send då ein mail til astrid.solheim@firda.no snarast!

Førebels ser programmet vårt slik ut:

12.00: Oppmøte og innkvartering på Sogndal Hotell. Lunch.

13.00: Fotojournalistikk.

Firda og NRK Sogn og Fjordane er blant dei dårlegaste på bruken av illustrasjonsfoto på nett, meiner Oddleiv Apneseth som gir dei to største redaksjonane stryk i fotobruken.  

Høyr kva Rolf Sanne -Gundersen i NRK Sogn og Fjordane og Vidar Gudvangen i Firda Media har å seie til sitt forsvar.

13.45. Pause

14.00: Er vi journalistar berre opptekne av å selje aviser og ikkje noko anna? Dette meiner iallefall  påtroppande fotballtrenar i Sogndal Harald Aabrekk.

Han kjem for å snakke om si meining om media og oss journalistar.  Men han er ikkje den einaste med sterke meiningar om temaet.

14.45: "Dei nasjonale var meir tabloide og dermed på leit etter overskrifter. Dei lokale opplevd eg meir som interesserte i sjølve prestasjonen og kva som låg bak av trening osv."

Sitatet er henta frå Kristin Roset, tidlegare idrettsutøvar og no sportsredaktør i Birkebeiner`n.

Ho merka stor forskjell frå dei nasjonale og dei lokale avisene.  Ho kjem til Sogndal for å gi oss eit tilbakeblikk frå si tid som aktiv idrettsutøvar. 


 15.30: Er sportsjournalistikken god nok, bør den kuttast ned eller trengst det meir av den? I paneldebatten møte Kristin Roset, Harald Aabrekk og i tillegg kjem Georg Arnestad og Rolf Navarsete.

16.00.-17.00: Årsmøte

18.00: Quiz i baren på Sogndal hotell.  

20.00: Festmiddag og utdeling av pressepris og fotopris.

Vi har sjølvsagt meir underhaldning på lur utover kvelden....

Søndag avsluttar vi med frukost på hotellet. For dei som har lyst å få med seg fotballkampen der Sogndal møte laget frå Stavanger, er dette vel verdt å få med seg 14.00.

 Vel møtt!

 

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING