Laurdag vart Presseprisen utdelt under journalistkonferansen Hauststormen på Voss.
Journalist Hanne Stedje frå Sogn Avis vann prisen for artikkelserien om spesialomsorg i Årdal kommune. Artikkelserien handlar om kommunen sitt avlastingstilbod til familiar med fysisk og psykisk utviklingshemma barn, og omfatta 32 saker, fem av desse oppslag.
Else Gro Ommundsen frå juryen delte ut prisen under festmiddagen laurdag kveld, framfor rundt 150 journalistar frå heile Vestlandet.
Takka familiane
I Stedje sin takketale takka ho redaktør i Sogn Avis Jan Inge Fardal og kollega Geir Bjarte Hjetland, men mest av alt takka ho dei råka familiane som har stilt opp i artikkelserien.
Det var redaksjonen i Sogn Avis som sendte inn Stedje sin serie som kandidat til prisen. I si grunngjeving skreiv dei mellom anna:
- Hanne har no i fleire månader sett fokus på eit svært viktig tema. Gjennom ei rekkje grundige, kritiske og avslørande artiklar
har ho klart å få fram i lyset store problem knytt til spesialomsorg for barn med spesielle behov i Årdal kommune. Resultatet
er mellom anna at kommunen har lagt om systemet for å prøve å hjelpe foreldra som lenge har slitt for å få den hjelpa dei
har krav på.
Politikarar har lagt seg flate, sjefar har gått i skyttargrava, foreldre står fram, hemmelegstempla saker har kome fram i
lyset, Fylkesmannen har starta gransking og systemet har blitt endra. Alt grunna Hanne si graving etter dei gode og grundige
sakene.
Heiderleg omtale
Merete Husmo Høidal frå Firdaposten fekk heiderleg omtale for ein femsiders featurereportasje frå Furuhaugane omsorgssenter, der journalisten fekk opplæring og deltok i pleien av dei eldre, og viste fram sjukeheimen frå innsida.
Ole Jacob Huus frå Firda fekk også heiderleg omtale, han for ein artikkelserie som sette kritisk lys på lakseoppdrettsnæringa i fylket. Serien starta med eit hemmelegstempla dokument som åtvara mot lakselusmiddel.

